annonse

God karatehelg for Ulvik

PÅ STEMNE
PÅ STEMNE: Bak er Terje Tellnes, Simen Jordal, Andrid Solaas Innset, Arvid Hellevang, Sjur Rondestveit og Signe Rondestveit. Framme er Amanda Melika Jensen, Brage Innset, Brynjar Thorbjørnsen og Arnfinn Tellnes. (Foto: Privat)

Åtte utøvarar frå Ulvik karateklubb stilte til klubbmeisterskap hjå Kvam karateklubb i Øystese.

Ingvild Siglen Berger

Seniorutøvar Simen Jordal tok siger i kata (mønster). Elles stod utøvarar frå Kvam for dei fleste medaljane med helga.

– Me ser på dette som ei god innføring til konkurranse og førebuing til større stemne i bergensområdet, der normal deltaking er rundt 200 deltakarar og 400 startarar, opplyser Sjur Rondestveit. Han stilte som dommar i Kvam saman med Signe Rondestveit.

Totalt deltok 21 utøvarar frå 8 til 50 år, med gult til brunt belte. Frå Ulvik stilte juniorane Arnfinn Tellnes Aarekol (10 år), Brage Innset (9 år), Amanda Melika Jensen (9 år), Brynjar Thorbjørnsen (8 år) og seniorane Arvid Hellevang, Andrid Solaas Innset, Simen Jordal og Terje Tellnes.

– Alle juniorane fekk deltakarmedalje og undervegs vart det servert pølser, frukt, kaffi og saft. Flott arrangert av Kvam karateklubb og kjempeinnsats av alle utøvarar, melder Rondestveit.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.