annonse

God langrennshelg for Sjur

NØGD
NØGD: Etter ei god langrennshelg skal Sjur Røthe snart heim til Voss på påskeferie. (Foto: Terje Bendiksby/NTB scanpix)

Det vart to topp ti-plasser-ingar på Sjur Røthe under verdscupavslutninga i langrenn med helga. No går turen heim til Voss.

Ingvild Siglen Berger

Sundag beit Sjur Røthe seg fast mellom dei beste og vart nr. 8 under 15 km jaktstart med fri teknikk i Falun. Då hadde han alt dagen før gått inn som nummer ti på 15 kilometer klassisk med fellesstart.

– Det var temmeleg bra, eg er veldig nøgd med det. Kjekt å hevda seg litt i verdscupen igjen og gå bra på ski utan å ha problem med kroppen. Det er absolutt positivt, seier Røthe til Hordaland.

Heilt oppe

Sundagen starta Røthe som nr. 14, +1.12 bak fyrstemann ut, russiske Alexandr Bolsjunov. Det var ingenting å gjera med russaren, men Røthe var med i teten heile vegen og gjekk til slutt altså inn mellom dei ti beste. Bolsjunov tok sin fyrste minitour-siger, føre kanadiske Alex Harvey som spurtslo sveitsiske Dario Cologna.

Under fellesstarten laurdag gjekk Sjur Røthe ut med startnummer 39 på brystet og låg litt bak i feltet ei stund. Han gjekk seg etter kvart bra opp, og enda som nummer ti.

– Gledeleg at han i det heile tatt er tilbake i verdscupsirkuset. Nummer fire vart plasseringa på femmila i kollen, og no er han heilt oppe her. Røthe må ha gjort mykje bra trening då han var ute, han heng fint med, sa kommentatorane Jann Post og Torgeir Bjørn under NRK si sending.

Heim til Voss

Røthe sjølv seier han ynskjer å bli betre på avslutningane sine.

– Eg har vore med på tre avslutningar dei siste to helgane utan å få kjenna på sigersmaken. Men eg er i alle fall med, og får ta det med meg vidare, seier han.

Neste konkurranse for vossingen vert under NM del 2 i Alta, som opnar 4. april og held fram til 8. april.

– Då skal eg i utgangspunktet gå tre skirenn. Lagsprint med Vebjørn Turtveit, som eg gler meg masse til, 10 km klassisk og 50 km friteknikk, fortel Røthe.

Før den tid skal langrennsløparen ta ut nokre feriedagar.

– Eg treng nokre dagar for å henta meg inn att, skru av kroppen og roa ned litt. Og så blir det ein tur til Voss i påsken. Det blir bra, det er alltid godt å koma heim litt, seier han.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.