annonse

Gode vossingar i Holmenkollen

VOSSALANGRENN
VOSSALANGRENN: 11 utøvarar frå Vossalangrenn gjekk i Holmenkollen med helga. (Foto: Privat)

11 løparar frå Vossalangrenn var i aksjon under Ungdommens Holmenkollrenn med helga.

Ørjan Brattetveit

Laurdag gjekk alle 3 km klassisk, medan det sundag var 3 km fri teknikk.

– Alle heva seg frå laurdagen resultatmessig. Veldig fint og likt føre for alle. Minus 8 grader og sol. Totalt ca. 980 deltakarar fordelt på 4 klassar, opplyser Arnstein Aas.

Mange utøvarar leverte gode resultat. 5. plass til Marcus Enes-Seberg var i ein klasse for seg. På jentesida leverte Amalie Galaaen Røthe ein solid 13. plass. Slik plasserte utøvarane frå Vossalangrenn seg:

Laurdag

G13 år: Marcus Enes-Seberg frå Uskedalen nr. 16., Åsmund Samnøy Skjeldal, Voss IL nr. 114

J 13 år: Ingrid Midthjell Finne. nr. 97. Synne Ophaug Røthe vart sjuk.

G14 år: Marius Flatabø Vargar.nNr. 36, Vegard Kristinsson Sem. Ørnar nr. 177.

J14 år: Amalie Galaaen Røthe nr. 22, Ingri Fareth Aas nr. 29, Marte Senderud Wæhle nr. 106, Ingeborg Klette Viljar. nr. 127, Gerd Karin Andresen Vargar. nr. 153.

Sundag

G13 år. Marcus Enes-Seberg frå Omvikedalen, nr. 5, Åsmund Samnøy Skjeldal, Voss IL nr. 35

J 13 år Ingrid Midthjell Finne. nr. 91

G14 år: Marius Flatabø Vargar. nr. 43, Vegard Kristinsson Sem, Ørnar nr. 136.

J14 år: Amalie Galaaen Røthe nr. 13, Ingri Fareth Aas nr. 29, Marte Senderud Wæhle nr. 100, Ingeborg Klette, Viljar nr. 114

Gerd Karin Andresen, Vargar. nr. 146.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.