annonse

Gode vossingar i Kvalfossprinten

KVALFOSSPRINTEN
KVALFOSSPRINTEN: Bjørnar Fosse Vaksdal gjekk inn til 12. plass laurdag i klassen G15. Her avbilda under Vestlandsmeisterskapen 2017 i skiskyting i Voss ski- og tursenter. (Foto: Anne Rivenes/Arkiv)

+ Kvalfossprinten gjekk av stabelen med helga – og som vanleg var sterke vossingar med.

Ørjan Brattetveit

Voss SSL og Eldar hadde fleire løparar i aksjon i Holmenkollen der løpet kalla opp etter Eirik Kvalfoss gjekk laurdag og sundag.

Frå Voss SSL gjekk Johannes Græe laurdag inn til 10. plass (0+2), og 27. plass sundag (2+3) i gutar 14 år. Bjørnar Fosse Vaksdal gjekk inn til 12. plass (1+2) laurdag og 31. plass sundag (3+1). Han går i G15.

Frå Eldar gjekk Heine B. Gjerald og Eirik Gudbrandstuen i klasse gutar 14 år. Laurdag tok dei 14. og 29. plass, medan dei sundag gjekk inn til 17. og 45. plass.

Eldar hadde fire utøvarar med i J 13: Marte Tveite (17. og 46. plass), Isabell A. Sleen (40. og 42.), Kristin K. Tveite (45. og 44.) Og Maya H. Anthun (49. og 48.).

Tiril U. Totland gjekk inn til 31. plass laurdag og 19. plass sundag i J14.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse