ARKIVFOTO: Ørjan Brattetveit

Endeleg poeng for Voss HK

Voss HK spela uavgjort mot Sotra 2, og ­sikra seg poeng for fyrste gong sidan november.

Publisert 18.03.2017 kl. 07.00. Oppdatert kl. 07.34.

- Dette var ein svært varierande kamp av oss - der me hadde alle moglegheiter til å ta to poeng, seier Monica Bakketun (biletet). Veteranen­ spela ein god kamp og skåra fem av laget sine mål.

Etter fem strake tap, fekk endeleg Voss HK poeng. Sist laget vann var mot Gloppen 12. november.

- Me står ein spesielt god 2. omgang i forsvar. Og me tek med oss god lærdom frå kampen som me brukar vidare i treningsarbeidet, seier Bakketun.

Erik Blindheim leia kampen­ frå benken.

- Det er godt å ha han med oss på slike slitekampar, seier Bakketun.

Alt sundag er det ny kamp for 3. divisjonslaget. Då er det heimekamp mot Florø.

- Me nullstiller oss og stiller­ med same laget, pluss Hege Bakketun sundag.