annonse

Hilde Fenne klar for VM

VM-TUR
VM-TUR: Hilde Fenne er klar for VM i skiskyting. AFP PHOTO / Christof STACHE

Vossingen Hilde Fenne er teken ut til VM i skiskyting.

Ørjan Brattetveit

Norges skiskyttarforbund tok i dag ut fem kvinner til VM i Hochfilzen 9.-19. febuar. Ein sjette løpar vil bli teken ut seinare.

- Kven som skal gå dei ulike distansane under meisterskapet vert bestemt seinare. Dette er fyrste uttak til VM-troppen. Me kjem til å supplera troppen med fleire utøvarar, seier idrettssjef Morten Aa Djupvik.

Dei norske laget ser slik ut: Tiril Kampenhaug Eckhoff, Fossum IF, Fanny Horn Birkeland, Oslo SSL, Marte Olsbu, Froland IL, Hilde Fenne, Voss SSL, Kaia Wøien Nicolaisen, Asker SK.

- Nok ein utøvar vert teken ut etter komande verdscup, seier idrettssjefen.

På herrelaget er desse tekne ut: Ole Einar Bjørndalen, Simostranda IL, Johannes Thingnes Bø, Markane IL, Emil Hegle Svendsen, Trondhjems Skiskyttere og Lars Helge Birkeland, Birkenes IL.

Det vil bli tatt ut ein til to utøvarar til på herrelaget.

- På herresida er det tett kamp om dei siste plassane i VM-troppen. Difor ventar me så lenge me kan før troppen vert endeleg. Her er det fleire utøvarar som er aktuelle, seier idrettssjef Morten Aa Djupvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.