annonse

Hilde går ikkje normalen

RESERVE IGJEN
Reserve igjen: Hilde Fenne er ikkje mellom dei fire utøvarane som går for Noreg på normaldistansen. (Foto: Victor Storsveen/Arkiv )

Hilde Fenne får heller ikkje gå normaldistansen i OL.

Ørjan Brattetveit

Landslagsleiinga har teke ut laget som skal gå for Noreg under normaldistansen i OL.

Her går dei same skiskyttarane som gjekk sprinten og jaktstarten.

Dermed går Tiril Eckhoff, Marte Olsbu, Synnøve Solemdal og Ingrid Landmark Tandrevold normaldistansen onsdag.

For skiskyttarane står att miks-stafett, fellesstart og stafett. Det er fem norske kvinnelege skiskyttarar i OL-troppen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.