annonse

I tenkjeboksen etter nedrykk

USIKKER
Usikker: Erik Blindheim klarte ikkje å berga plassen i 3. divisjon med Voss HK sitt damelag. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Trenar Erik Blindheim er usikker på om han held fram som trenar for handballdamene. Med helga tapte laget sesongens siste kamp.

Ørjan Brattetveit

– Me har spela gode kampar etter at nedrykket vart klart. Spelarane spela tydelegvis med låge skuldrer, seier Erik Blindheim.

Vossingane var klare for nedrykk etter heimekampen mot BSI, som vossingane tapte 28–30 mot laget på 2. plass på tabellen. Og laurdag yppa vossingane seg mot opprykksklare Årstad, men tapte 25–29 i Sotra Arena.

Sjokka Årstad

– Mot BSI leia me til det var sju minutt igjen. Og Årstad fekk sjokk. Me leia med seks mål ei stund i 1. omgang. Så spelarane viste at dei held nivået. I løpet av sesongen har spelarane utvikla seg mykje, og me har levert tidvis godt spel. Men me varierer for mykje, seier Erik Blindheim og legg til:

– Tabellen lyg jo ikkje.

Voss HK hamna sist av alle med berre fire poeng. Nest sist hamna Kjøkkelvik med 12 poeng. Begge laga går ned til 4. divisjon.

Evaluering

Erik Blindheim veit ikkje om han held fram som trenar.

– Eg er i tenkjeboksen no. Fyrst skal me evaluera sesongen. Spelarane skal evaluera seg sjølve og meg. Og eg skal evaluera dei. Så får me samlast og snakka saman. Det er viktig at spelarane og eg er på same ambisjonsnivået. Og så må me høyra kva klubbstyret ynskjer, seier Erik Blindheim.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.