annonse

Ingen stor dag for Hilde Fenne og skiskyttarjentene

USTABIL SKYTING
USTABIL SKYTING: Hilde Fenne og lagvenninnene leverte ikkje på standplass sundag. Dermed vart 10. plassen eit faktum. (Foto: Antonio Bat/Arkiv)

Det vart berre ein 10. plass på Noreg sitt stafettlag i dag.

Ingvild Siglen Berger

Sundag var det tid for 4x6 km stafett for kvinner i Oberhof, Tyskland, under verdscupen i skiskyting.

Ingrid Landmark Tandrevold gjekk fyrste etappe for Noreg, men det vart litt for mange bom under skytinga.

Andre etappe stod Synnøve Solemdal for, og då ho gjekk ut i sporet var Noreg meir enn minuttet bak. Det var klart at ho hadde ein stor jobb føre seg, men heller ikkje Solemdal fekk til skytinga.

Tok att teten

Hilde Fenne gjekk ut på tredje etappe heile to minutt og tjue sekund bak Italia som då var i leiinga. På fyrste skyting skaut Fenne strålande og ho tok att fleire sekund på teten.

Men tre bom på siste skyting sende laget tilbake til start, 2,20 sekund bak teten.

Då ankerkvinne Marte Olsbu òg svikta på standplass, vart det ikkje meir enn 10. plass på det norske laget.

Frankrike vann føre Tyskland og Sverige.

Ny moglegheit

På telefon frå Tyskland fortel Fenne at ho er nøgd med eige løp under stafetten.

– Det gjekk betre enn dei to andre skirenna eg har gått her, så eg satsar på å ta det med meg vidare, seier ho.

Alt neste veke får skiskyttarjentene ein ny moglegheit til å visa kva dei kan på stafett.

– Me satsar på ein bra stafett då. Eg trur laget kan betre enn me får vist fram, seier Fenne. 

Måndag 8. januar tok forbundet ut desse kvinnene til verdscupen i Ruhpolding til helga: Tiril Kampenhaug Eckhoff (Fossum IF), Kaia Wøien Nicolaisen (Asker Skiklubb), Marte Olsbu (Froland IL), Synnøve Solemdal (Tingvoll IL) og Ingrid Landmark Tandrevold (Fossum IF). 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.