annonse

Ja til landsskyttarstemnet på Voss

SKYTTARFEST
SKYTTARFEST: Hans Kristian Wear vart skyttarkonge på Voss i 2012. No skal det kårast ny konge på Voss i 2022. (Foto: Vidar Herre)

Skyttartinget har sagt ja til landsskyttarstemnet på Voss i 2022.

Ørjan Brattetveit

– Samrøystes vedteke. Landsskyttarstemnet (LS) til Voss i 2022, melder Jostein Bjørke frå skyttartinget på sms i det vedtaket vart gjort klokka 11.20 i dag. 

Leiaren for Hardanger og Voss skyttarsamlag kan dermed jubla for at festen kjem tilbake til bygda som arrangerte LS i 2012.

– Dette er topp. Grunnlaget vart lagt i 2012. Og me hadde ein god søknad. Det var ingen debatt i skyttartinget om me skulle få stemnet, seier Bjørke. 

Det var Vestlandet sin tur til å få landsskyttarstemnet, og Voss var einaste søkjaren. Vestlandet har stemnet kvart femte år. Etter Voss i 2012 gjekk skyttarfesten i Førde i 2017.

I skyttarstyret si innstilling til tinget står det m.a.: «Norges Skytterstyre innbyr Skyttertinget 2018 til å fatte følgende vedtak: Voss skyttarlag tildeles Landsskytterstevnet for 2022».

«Entusiastisk arrangør»

Skyttarstyret meiner skytebanen på Skjerve held særs høg standard. Her er nok skivekapasitet på 100 m og 200 m. Og feltøvingane vert arrangerte like i nærleiken. Sist stemnet var på Voss skaut ein grovfelt på Skutle. No vert altså alt samla på Skjerve.

– Voss Skyttarlag viste seg i 2012 som ein velorganisert og entusiastisk LS-arrangør. Det unike anlegget på Skjerve gjev ei moderne og storslått ramme for arrangementet. Her ligg det særs godt til rette for å organisera ein hovudarena mest mogleg hensiktsmessig for arrangør, skyttarar og publikum, skriv skyttarstyret.

Skyttartinget fylgde innstillinga. 

- Å få landsskyttarstemnet tilbake til Voss, er ei stor glede, seier Sigurd Liland. Han er leiar for hovudkomiteen for landsskyttarstemnet i 2022. 

Sist det var landsskyttarstemne på Voss var det 5100 deltakarar. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.