annonse

Johan overraska i ungdomsmeisterskapen

SOLID
SOLID: Johan Hjeltnes, Ulvik, imponerte på Fana Stadion med helga. (Foto: Mari Five)

Johan Hjeltnes leverte overraskande resultat både på 100 meter og i spyd under ungdomsmeisterskapen i Bergen denne helgen.

  • Hilde Olsen Aalvik
Ørjan Brattetveit

Ungdomsmeisterskapen 2017 (UM) er årets siste store banemeisterskap i Noreg, og gjekk av stabelen på Fana Stadion i Bergen fredag til sundag. Arrangør var Fana IL. Til vanleg går Johan Hjeltnes på fotballina på Voss Gymnas og spelar for Fbk Voss. I helga viste han gode prestasjonar på friidrettsbanen i Fana med Ulvik IL på ryggen. I klasse gutar 17 år kom han til finalen på 100 meter og lukta på pallen i spyd.

– Eg er nøgd med 100-meteren. Spesielt med at eg kom meg til finalen. I finalen er eg litt misnøgd med starten av løpet, men elles er eg nøgd, fortel Hjeltnes.

Til finalen

Han kvalifiserte seg til finalen då han sprang inn til 2. plass i sitt heat på tida 11.44. I finalen kom han i mål på tida 11,55. Det heldt til 7. plass. Vinnar var Thomas Siemieniuch, Sandnes på 11,15. Bronsemedaljen gjekk på 11,38. Det var 8 utøvarar med i finalen.

Ikkje sidan han var 13 år, har Johan Hjeltnes konkurrert i spyd. I helga kom han på ein fjerdeplass.

– Meisterskapen har gått over all forventning. Eg har ikkje kasta spyd sidan eg var 13 år, og eg kasta ti meter lenger i dag enn eg har gjort på trening. Eg er veldig nøgd, seier Johan Hjeltnes.

Motivert

Han lengste gyldige kast var 48,62 meter.

– Eg hadde eit kast over 49 meter, men dette vart dømt ugyldig, fortel Hjeltnes, som var nær medalje.

Sylvet gjekk på 49,78 og bronsen på 49,19. Vinnar Fredrik Gudheim Haraldstad var suveren med 56,16 meter. UM har gjeve ulvikaren motivasjon til å satsa litt meir på friidrett framover.

– Ja, det vert nok litt meir friidrett framover, men framleis fotball som hovudfokus, seier Johan Hjeltnes.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.