annonse

Kamilla vart æresborgar tredje året på rad

JUBLA
JUBLA: Adrian Hilde og Kamilla Sporsheim vart kåra til æresborgarar av Voss laurdag kveld. (Foto: Ingvild Siglen Berger)
Tidlegare vinnarar

Kamilla Sporsheim og Adrian Hilde fekk i kveld tittelen «The honorable citizen of Voss» under Ekstremsportveko.

Ingvild Siglen Berger

– Dette er ganske moro, og heilt sjukt å stå på scena føre så mykje folk, seier Sporsheim.

Det er tredje året på rad at Sporsheim kan kalla seg æresborgar, medan Adrian Hilde fekk tittelen for fyrste gong.

– Det var utruleg kjekt. Eg er terrengsyklist og har vore med i fem konkurransar i den greina, i tillegg til Lokst utøve, speedclimbing og downhill longboard. Ekstremsportveko er utruleg kjekt, seier Hilde.

Ei kvinne og ein mann vert krona som æresborgarar kvart år, ein premie som vert delt ut under avslutningskvelden av «Veko».

For å kunna kalla seg æresborgar må ein vera ein allsidig utøvar som deltek i mange konkurransar og oppnår gode resultat.

Sporsheim har konkurrert i padling, sykling og rafting.

– Til saman sju konkurransar, fortel ho.

Sporsheim fekk til saman 530 poeng i konkurransen om å bli æresborgar, medan Hilde fekk totalt 417 poeng.


Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.