annonse

Kanonløp av Sjur

HERLEG
HERLEG: Sjur Røthe er tilbake. Og leverte godt på femmila i Holmenkollen. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Sjur Røthe er tilbake for fullt. I dag kjempa han om siger på femmila i Holmenkollen.

Ørjan Brattetveit

Sjur Røthe har ikkje konkurrert på to månader. I dag gjekk han inn til 4. plass på femmila i Holmenkollen. Og han var berre 4,2 sekund bak gullet. Dario Cologna, Sveits vann etter målfoto framfor Martin Johnsrud Sundby.

– Det er kjekt å vera tilbake og få til eit godt skirenn. Det er ei stund sidan no, sa Sjur Røthe til NRK i målområdet.

Han fortel at kroppen fungerte bra.

Røthe vann femmila i Holmenkollen i 2015. Då vann han på målfoto framfor Cologna.

Vossingen viste tidleg at han var pigg på 50 km fri teknikk fellesstart i Holmenkollen. Vossingen har revmatisme og har ikkje gått internasjonalt renn på to månader. Røthe testa feltet fleire gonger ved å auka farten og få ei luke. Han la seg kontrollert lengre ned i feltet ei stund, som for å gå billegare. Ut etter siste runding låg vossingen i rygg på leiar Martin Johnsrud Sundby.

3 km frå mål gjekk franske Manificat i front. Røthe passerte på 9. plass, men berre 2,6 sekund bak leiaren.

Mot slutten stakk sju løparar frå feltet. Og Røthe var med. Så vart dei sju til fire.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.