annonse

Kickboksar Christine Hagatun ute av VM

TAP
TAP: Christine Hagatun er ute av VM i kickboksing. (Foto: Vidar Herre/Arkiv)

Christine Hagatun tapte mot russisk motstand i kvartfinalen.

Ørjan Brattetveit

Vossingen opna kickboksarane sitt VM i Ungarn med å vinna 8.-delsfinalen tysdag. Då vann ho 2–1 over greske Martha Nystazou.

– Eg vann på håret! kommenterer Christine Hagatun.

Det var ein utruleg spennande kamp der grekaren hadde klar leiing i fyrste og deler av andre runde. I tredje runde kom vossingen sterkt tilbake. Kampen vippa 2–1 i begge retningar til det stor eitt sekund igjen av kampen. Då fekk Christine Hagatun inn det avgjerande poenget.

Christine Hagatun kvalifiserte seg til VM som ein medaljekandidat i lettkontakt. Ho har fleire pallplassar i verdscupen tidlegare.

Med sigeren tysdag kvalifiserte vossingen seg til 8.-delsfinalen mot russiske Iuliia Tagiltseva onsdag. Her vann russaren 3–0.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.