annonse

Klart for gjørmebad i Kraftkampen

KRAFTIG KAMP
KRAFTIG KAMP: I Kraftkampen må du kjempa både mot klokka og med deg sjølv. Her er Liv Trude Bidne Amundsen på veg gjennom løypa. (Foto: Privat)

I fjor var vossingane best, så i år må bergensarane skjerpa seg. Det er klart for den femte Kraftkampen i Myrkdalen.

Nils Kvamsdal

Jill Garen som driv Myrkdalen skiskule, står som arrangør av Kraftkampen.

I fjor var det over 50 – i all hovudsak vossingar og bergensarar – som deltok, og Jill vonar på minst like mange på start neste laurdag.

Garantert våt og skiten

Kraftkampen er ei hinderløype som startar ved Myrkdalsstovo, går opp langs freestyletraseen, bort lia til Vetlebotn og ned att til målgang på parkeringsplassen nedanfor hotellet.

– Undervegs må deltakarane forsera 20 hinder av ulikt slag. Nokre av dei kan nok minna om hindera i ei militær hinderløype, medan andre kanskje set større krav til det mentale enn til fysikken, seier Jill Garen. Alle er kanskje ikkje like komfortable med at både hud og hår må druknast i gjørme når eit hinder skal passerast.

– Eg kan i alle fall garantera at alle som er med vert gjennomblaute og skitne frå topp til tå! lokkar ho.

Lagkjensle

I Kraftkampen kan du både melda deg på individuelt og som lag. Laget skal telja tre personar, og ein del av hindera set krav til samarbeid innan laget for å løysa oppgåva på kortast mogleg tid. For det er, som i dei fleste andre løp, tida som tel.

– Og alle tre må koma i mål samla, så her handlar det òg om å vera gode på å hjelpa og motivera kvarandre. Alle skal med! seier Jill. Ein augneblink høyrest det ut som ho driv valkamp for det største partiet i landet.

– Konkurrentane er delte inn i tre klassar: individuelt kvinner og menn, og ein mixed-klasse for lag.

Normalt trent

Det høyrest ut som eit blodslit, men Jill trøystar med at alle som er normalt trente vil klara å ta seg gjennom hinderløypa i Myrkdalen.

– Men det er klart at dei som er særdeles veltrente vil kunna klara det på kortare tid enn dei andre!

Visste me det ikkje!

Av dei meir enn 50 deltakarane i fjor, var det vossingane som leverte dei beste resultata. Det kan sjølvsagt ikkje bergensarane ha på seg, så i år må dei verkeleg gå beinhardt ut og berre auka. Under mottoet Slå ein vossing!

Namnet på konkurransen skriv seg frå at Voss Energi har vore sponsor for arrangementet sidan starten. I tillegg har Jill og hennar medhjelparar eit godt samarbeid med Mosjonsgutane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.