annonse

Klart for open dag i sentralidrettsanlegget

OPEN DAG
OPEN DAG: Fyrstkomande sundag vert det open dag i sentralidrettsanlegget på Voss, der du kan testa mange forskjellige aktivitetar. Biletet er henta frå ein «kick off» med GMB Aktiv Helse, som er mellom aktørane som skal vera med. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Illustrasjon)

Kan symjing vera noko for deg? Eller kva med miniatyrskyting? Handball? Sykling? Styrkjetrening?

Nils Kvamsdal

Sundag har du sjansen til å prøva deg i det meste som skjer av aktivitetar innandørs og utandørs i sentralidrettsanlegget i Prestegardsmoen. Vossabadet og Voss Idrettshall opnar dørene, og fotballklubben tek uteområdet i bruk. Og absolutt alt er gratis!

– Dette tiltaket er fyrst og fremst retta mot menneske i alle aldrar, som står utanfor den organiserte idretten. Føremålet er todelt; det handlar om betre folkehelse, og det handlar om at potensielle nye brukarar får gjera seg kjende med dei aktivitetane og tilboda som vert drivne i sentralidrettsanlegget vårt, seier initiativtakar Per Støyva – dagleg leiar i Voss Idrettshall.

Stor breidde

Vossabadet, Voss Idrettshall og fotballbanene er i bruk på den opne dagen sundag 11. mars. Aktivitetane som folk kan prøva seg på, og som vert synte fram, demonstrerte og fortalde om, spenner over eit vidt spekter.

I Vossabadet er det symjegruppa i Voss IL som rår grunnen. Fotballklubben Voss heldt til utandørs med sine aktivitetar, og i idrettshallen er både Voss Handballklubb, Voss Sykleklubb, friidrettsgruppa i Voss IL, Voss Miniatyrskyttarlag, Voss Skyttarlag og GMB Aktiv helse.

Sykling og aktiv helse

Arne Røen, leiar i Voss Sykleklubb, vonar at mange vil leggja turen innom laget sine aktivitetar.

– Me har 24 syklar ståande i idrettshallen, så her vert det høve til å prøva seg. Ettersom me er fleire lag som deler på romkapasiteten, må me leggja ein plan for korleis me skal fordela dagen mellom oss. Røen tek meir enn gjerne mot nye medlemer, slik at det noverande talet på 82 kan auka før sykkelsesongen kjem i fullt gjenge.

Med den kroppen du har

Gunn Marit Bergstrøm er terapeuten som gøymer seg bak bokstavane GMB Aktiv helse. Bergstrøm er særleg oppteken av trening som ein metode til å betra helse og verta eit gladare menneske i den kroppen du har.

Neste sundag startar ho dagen med eit føredrag over temaet Glad kropp – korleis leva godt i kropp og sinn. Etterpå vert det to økter der dei frammøtte får prøva seg i aktive treningsøvingar; fyrst stabilitetstrening, deretter helseretta styrkjetrening.

Skyting på alle hald

Sigurd Liland er leiar i Voss Miniatyrskyttarlag. Han lokkar med luftgeværskyting på 10 meters hald, ei OL-øving.

– Miniatyrskytinga er definert som sportsskyting og organisert innanfor Idrettsforbundet, medan Voss Skyttarlag er underlagt Det frivillige skyttervesen.

Miniatyrskyttarane skyt med luftgevær og med same typen gevær som skiskyttarane, medan skyttarane skyt med grovkaliber, felt og bane – i anlegget på Bjørko. Men også dei er til stades for å fortelja om sine aktivitetar.

– Miniatyrskyting er ikkje nokon dyr hobby. Me har ein del gevær som me låner ut, og ammunisjonen er rimeleg, seier Liland. Han legg til at klubben er liten og meir enn gjerne tek mot skyttarar – i alle aldrar. Men rekrutteringsarbeidet er særleg retta mot yngre jenter og gutar. Skyting er ein aktivitet der jenter kan vera minst like gode som – og deltek saman med – gutane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.