annonse

Knalldebut av Mari

SLO TIL
SLO TIL: Mari Fareth Aas, Voss IL, vert intervjua i målområdet etter ei sterk sesongopning på Beitostølen. (Foto: Arnstein Aas)

Mari Fareth Aas sjokkerte seg sjølv då ho kom på pallen i noregscupdebuten.

Ørjan Brattetveit

– Dette er heilt fantastisk, seier Mari Fareth Aas.

Fredag stod ho for fyrste gong i karrieren på startstreken i eit noregscuprenn. På Beitostølen gjekk ho rett opp på pallen og tok 3. plassen på 5 km klassisk for jenter 17.

– Dette kom skikkeleg overraskande på meg. Eg var nesten i sjokk då eg skjøna at eg var på pallen, seier løparen frå Voss IL.

Konsentrert

Med tidleg startnummer, visste ho ikkje korleis dei sterkaste konkurrentane gjekk.

– Eg konsentrerte meg om arbeidsoppgåvene mine, som å gå teknisk godt på ski. Då eg kom i mål hadde eg leiinga, og det vart ein spennande halvtime. Eg vart utruleg glad då eg skjøna det gjekk vegen, seier Mari.

Ho var vel minuttet etter vinnaren Helene Marie Fossesholm, Eiker, og ni sekund bak Runa Ulvang, Kjelsås, på 2. plass. Vossingen hadde 12–13 sekund ned til 4. plassen.

Topp ti

Laurdag gjekk ho sprint, men kom ikkje vidare frå prologen.

– Eg har aldri vore god på sprinten.

Sundag var det 5 km fri teknikk. Her enda ho på 9. plass.

– Eg er best på klassisk, så 7. plass i fri teknikk er eg skikkeleg godt nøgd med.

Helene Marie Fossesholm og Runa Ulvang tok dei to fyrste plassane også her. Vossingen var 1.40,7 bak vinnaren.

Ny pallplass

Mari, som er dotter av tidlegare toppløpar Arnstein Aas, går i 1. klasse ved NTG på Geilo.

– Eg trivst veldig godt på Geilo. Det var litt skummelt i starten – reisa heimanfrå og møta mange nye folk. Men eg har kome godt inn i miljøet, og eg har det kjempebra på Geilo. Her har me eit stort treningsmiljø, og det er hovudårsaka til at eg valde å gå på Geilo.

Ho satsar på å kjempa i toppen også i komande noregscuprenn.

– Er eg topp ti, er eg nøgd. Men eg har lyst til å kjempa meg opp på pallen ein gong til i vinter.

Eivor i toppen

Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken, leverte tre gode renn på Beitostølen i klasse kvinner 19/20 år. Fredag gjekk ho inn til 10. plass, på sprinten kom ho til finalen og tok 5. plass. Sundag avslutta ho med ein solid 7. plass.

I same klassen gjekk Emma Skjoldli inn til 20. plass fredag, rauk ut i kvartfinalen på sprinten etter å ha vore nummer fire etter prologen og ho tok 15. plass sundag.

Sterk opning

Tore Tveito i Vossalangrenn er godt nøgd med resultata i fyrste noregscuprunden for sesongen.

– Mari imponerte, Eivor leverte tre gode renn. Dette vart ein bra start på sesongen. Dei aller fleste har teke eit steg samanlikna med i fjor, melder Tore Tveito.

Fleire vossingar klarte å hevda seg i topp 30 på Beitostølen:

Kristian Skjeldal (21. plass sundag og 29. plass fredag i menn 20-21)

Sindre Hydle (29. plass sundag, 31. fredag og 32 på sprinten i menn 18)

Olve Ure (24. plass sundag i menn 18).

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.