annonse

– Kult med delt sylv

GLADE SYLVJENTER
Glade sylvjenter: Ingrid Marie Jersin Sørgaard (t.v.) og Jenny Larsdatter Astrup Sjøtun. (Foto: Lars Egil Sjøtun)

Vossajentene Ingrid og Jenny var akkurat like gode i landsfinalen i slalåm.

Ørjan Brattetveit

– Det var ekstra kjekt at me, to jenter frå Voss, fekk delt sylv i ein så stor konkurranse, meiner dei to lovande alpinistane frå Voss. Slalåmen avslutta sundag landsfinalen i regi av Oppdal IL. Og dei to vossajentene Ingrid Marie Jersin Søgaard og Jenny Astrup Sjøtun var i slag.

– Det var rart. Eg skjøna ingenting då eg køyrde i mål. Trudde det var feil på tavla. Men eg vart veldig glad då eg skjøna det var rett. Og kult at det vart delt sylv mellom oss, fortel Jenny, som låg på 3. plass etter fyrste omgang.

Ingrid fortel at ho låg på 4. plass etter 1. omgang. Det aller meste klaffa i 2. omgang, då ho køyrde seg opp til den delte 2. plassen.

– Dette er nok det beste rennet eg nokosinne har køyrd. Eg er utruleg glad, seier Ingrid.

Fem alpinistar

Fire jenter i U13 og ein gut i U13 reiste frå Voss til landsfinalen, som har sponsornamnet Telenorlekene, på Oppdal sist veke. Dette er som eit noregsmeisterskap for 13- og 14-åringar å rekna. I tillegg til Jenny og Ingrid, køyrde Mia Therese Ervik Opheim, Eva Armentano og Eskil Lødemel godt i løypene på Oppdal. Her vart det køyrd Super G, storslalåm, slalåm og lagkonkurranse.

– Tidlegare køyrde 13- og 14-åringane i same klassen. No er det delt opp i to klassar, fortel leiar i Voss Alpin, Olav Lødemel. Han fortel at alle dei fem vossingane køyrde gode renn på Oppdal.

– Nokre var uheldige og køyrde ut eller fekk litt problem då dei var i ferd med å levera god konkurranse. Men det gjeld å ta med seg det positive vidare i treningsarbeidet, seier Lødemel.

Jenny x 2

Då Jenny køyrde inn til sylv i slålåm, var dette hennar andre sylvmedalje i leikane. For ho opna med ein god Super-G.

– Eg var overraska over at eg skulle koma så langt opp. Men det var veldig kjekt. Eg køyrde ein god konkurranse. Og så var det kjekt at Madeleine Sylvester-Davik frå Tertnes vann. Me køyrer jo for Hordaland skikrins og trenar mykje saman.

I denne konkurransen enda Ingrid på 12. plass. Eva Armentano tok 43. plass og Mia Therese Opheim 45.-plassen.

I slalåmkonkurransen køyrde Jenny ut i 2. omgang.

– Eg var mellom dei beste i 1. omgang, og køyrde bra i 2. omgang. Men så gjorde eg ein feil og køyrde ut. Det var litt kjipt, og eg vart irritert, fortel Jenny.

Dei andre vossajentene kom i mål slik: 18. Ingrid, 38. Mia og 41. Eva. På slalåmen køyrde Mia inn til 21. plass, medan Eva køyrde ut.

Fleire gutar

Olav Lødemel er pappa til den einaste guten frå Voss som var med. Han skulle gjerne hatt med fleire gutar på alpintreningane framover.

Eskil leverte god køyring på Oppdal, men han opplevde litt stong ut når det kom til resultata. I Super G tok han 41. plass, i storslalåm vart han nummer 47 og i slalåm vart han diskvalifisert. Han var også med på Hordaland skikrins lag til lagkonkurransen. Her var hordalendingane slått ut i 8.-delsfinalen.

Alpinfamilie

Det er Torbjørn Søgård som er trenar for dei unge alpinistane. Han er far til Ingrid.

– Det vert mykje alpint heime, men me snakkar om andre ting også, ler Ingrid.

Også Jenny kjem frå ein skikkeleg alpinfamilie.

– Alle dei tre eldre syskena mine har drive med alpint, så eg har vore med dei sidan eg var liten. No har dei slutta, så det er litt rart når det berre er pappa og eg som reiser på treningane, seier Jenny.

Kjekt miljø

Ingrid og Jenny håpar å køyra mykje på ski i åra som kjem. Dei stortrivst i alpinmiljøet.

– Me har det veldig kjekt på trening her på Voss, fortel Jenny.

– Og så er det spennande å reisa runde på samlingar og konkurransar. Me har gode vener frå heile skikrinsen, og me blir kjende med folk frå heile landet, seier Ingrid.

Alpinsesongen går mot slutten. Men dei ivrige unge alpinistane har eitt stort renn igjen av sesongen.

– Me skal til Hemsedal og Donald-leikane. Det gler me oss til, seier Ingrid og Jenny.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.