BEST: Emma Skjoldli med vinnartrøya etter 5 km i dag. Kristine Stavås Skistad tok 2. plass, Julie Bjervig vart nr 3. Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken tok 5. plass. FOTO: ØRJAN BRATTETVEIT

Emma vann på heimebane

Emma Skjoldli slo til med siger under noregscupen på Voss i dag. - Herleg å vinna på heimebane, seier 18-åringen.

Publisert 17.02.2017 kl. 12.56. Oppdatert kl. 20.15.

I løypene i Voss ski- og tursenter imponerte Emma Skjoldli stort då noregscupen opna med 5 km friteknikk. I mål hadde ho tida 13.37,8, noko som heldt til siger 7,2 sekund framfor Kristine Stavås Skistad, Konnerud.

- Å vinna her heime er skikkeleg stort. Eg kjende tidleg at eg hadde dagen. Eg kjende det gjekk raskt utan at det kosta så mykje. Dette er nok det beste rennet eg nokosinne har gått, seier Emma Skjoldli.


Sterkt av Eivor

Bronsen gjekk til Julie Bjervig Drivenes, Jardar, 16 sekund bak vinnaren frå Bulken. Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken slo også til med si beste norgescupplassering så langt i karrieren. Ho tok 5. plass, 34,2 bak Skjoldli.

- Kjempeartig å gå så bra her på Voss. 5. plassen er eg kjempenøgd med. Dette var absolutt ein bra start på noregscuphelga, seier Skjerven.


Topp ti

Juniorlandslagsløpar Karoline Simpson-Larsen, Vargar kjempa om topplassering i kvinner 19/20 år. Til slutt enda ho på 10. plass, 28,1 sekund bak vinnaren Marte Mælhum Johansen.

- Det var jamt i dag. Eg gjekk eitt greitt løp. Men eg kava for mykje i starten - eg ville rett og slett for mykje. Det byrja å bli blautt og tungt å gå etter kvart, seier Simpson-Larsen.