annonse

Liten entusiasme for OL på Voss

NEGATIVE
NEGATIVE: Norfakta Markedsanalyse spurde tidlegare i haust 601 vossingar om korleis dei stiller seg til tanken om Voss som framtidig OL-arrangør, og svaret var negativt. Biletet av Sjur Røthe på heimebane i Herresåsen er brukt som illustrasjon. (Foto: Tore Tveito/Arkiv)
MÅLING
MÅLING: To av tre vossingar er ikkje for OL på Voss. (Foto: Illustrasjon laga av Wilhelm Tvedt/Hordaland)

To av tre vossingar vender tommelen ned for tanken om vinter-OL på Voss.

Ørjan Brattetveit Rolf Tepstad

Tilbakemeldinga var såleis klar, då Norfakta Markedsanalyse tidlegare i haust spurde 601 vossingar om korleis dei stiller seg til tanken om Voss som framtidig OL-arrangør.

Anten åleine, eller i samarbeid med Bergen og Stavanger.

– Ikkje overraska

– Eg er ikkje overraska over desse tala – spesielt når ein tenkjer på skandalane som har vore i den internasjonale olympiske komite med m.a. korrupsjon dei siste åra, Olav Farestveit, som er leiar for «Idrettens Olympiade AS».

Han trur folkeopinionen vil endra seg når ein får innblikk i planane som vert lagt for eit OL med Voss, Bergen og Stavanger som arrangør. (Sjå eiga sak)

KrF mest positive

Spørsmålet frå Norfakta Markedsanalyse vart stilt i forkant av stortingsvalet i september, der det samstundes vart spurt om kva parti den enkelte tenkte å røysta på.

Av svara går det fram at KrF sine veljarar er dei einaste med fleirtal for OL-tanken, om enn berre så vidt. 43 prosent av KrF-veljarane meiner Voss bør prøva å få OL til bygda, 42 prosent er mot, medan 15 prosent er usikre i saka.

Nest størst entusiasme for vinter-OL på Voss har Frp sine veljarar, med 33 prosent. Og underleg nok har SV og Raudt delt 3-plass på nett denne lista, med 30 prosent. Likevel: alle dei tre sistnemnde partia har klart fleire motstandarar av OL-tanken, ca. to motstandarar pr. tilhengjar.

Av kommunestyrepartia er det hjå Miljøpartiet Dei Grøne at skepsisen er størst. Berre 9 prosent av deira veljarar ynskjer OL-framstøyt, mot 23 prosent hjå Venstre. Dei store partia, Ap, Sp og Høgre, gjev nesten identiske svar i saka. Ca. 25 prosent er for OL-tanken, godt 60 prosent er imot.

Eldre mest skeptiske

Dersom dei 601 svara vert fordelte på kjønn, er nær to av tre spurde både av kvinner og menn (64 og 62 prosent) mot OL-tanken. Litt fleire menn enn kvinner er for (31 mot 23 prosent), noko som samstundes inneber at litt fleire kvinner svarer «veit ikkje» på spørsmålet.

Dei største utslaga kjem når svara vert fordelte på alder. Då viser det seg at entusiasmen er klart størst hjå dei unge, og at han deretter fell jamt i pakt med alderen.

I yngste kategori, hjå dei under 30, er det bortimot dødt løp, i alle fall når Norfakta opplyser at feilmarginen er 3 prosent begge vegar. Då vil i prinsippet både 47 prosent for og 41 prosent mot kunna enda rundt 44 prosent.

Oppover på aldersstigen er det ingen tvil: Hjå gruppa 30–44 år meiner 31 prosent at OL på Voss er ein god idé, gruppa 45–59 har 25 prosent OL-tilhengjarar, medan det hjå dei over 60 berre er 17 prosent som ynskjer OL til Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.