annonse

Marcus Thomsen til EM

TIL EM
TIL EM: Marcus Thomsen i aksjon i kule for menn under Bislett Games på Bislett stadion tidlegare i sesongen. No er han på veg til EM. (Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix)

Vossingen Marcus Thomsen er med i den norske troppen til EM i Berlin.

Ørjan Brattetveit

Fjorårets europameister for juniorar Marcus Thomsen skal til friidretts-EM.

Stortalentet frå Voss og Tjalve har eigentleg ikkje klart EM-kravet, men han har fått invitasjon frå det europeiske friidrettsforbundet.

Norges Friidrettsforbund offentleggjorde i dag at dei har teke ut 12 kvinner og 21 menn til å representera Noreg under EM i Berlin frå 6. til 12. august.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.