annonse

Marcus Thomsen vart heidra med pris

FEKK PRIS
FEKK PRIS: Marcus Thomsen vart heidra med Utviklingsprisen. (Foto: Hasse Sjögren DECA Text&Bild)

Marcus Thomsen er tildelt pris av Friidrettens Venner.

Ørjan Brattetveit

Karsten Warholm vart laurdag tildelt utøvarprisen då Friidrettens Venner hadde prisutdeling for sesongen 2017.

Utdelinga fann stad i samband med eit trenarseminar i Bergen.

Og det er andre året på rad at Warholm får denne prisen, der utøvarane sjølve røystar fram vinnaren.

Men også vossingen Marcus Thomsen vart heidra med pris.

Han vart tildelt Utviklingsprisen. Marcus Thomsen har ein svært god sesong bak seg i kule.

I løpet av året har han vunne EM-gull i U20, og han er både nordisk- og norsk juniormeisterer. Kulestøytaren som representerer Tjalve, tok også sin fyrste NM-tittel i seniorklassen.

I alt vart det delt ut seks prisar laurdag.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.