annonse

Nesten finale for Tevje i Calgary

VERDSCUP
VERDSCUP: Det vart nesten finale på Tevje Lie Andersen i Calgary. Her frå verdscup i Myrkdalen. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

Tevje Lie Andersen tok 17. plass i verdscupen i Calgary. Onsdag er det ny sjanse i Deer Valley.

Ørjan Brattetveit

– Det var nok ein gong nesten finaleplass, seier Tevje Lie Andersen til Hordaland. Han enda på 17. plass i verdscuprennet denne helga.

– Det var utfordrande då forholda endra seg til konkurransedagen, og eg ikkje klarte å halda løpet mitt reint. Det var litt for mykje rot – og dermed kom eg ikkje til finalen, seier Tevje Lie Andersen.

Surt

Vinjar Slåtten enda på 26. plass.

– Eg køyrde eit bra løp, nokre små feil, men mindre enn dei fleste andre. Eg fekk ikkje dei poenga eg fortente. Så det var surt, seier Slåtten.

Mikael Kingsbury, Canada, vann rennet.

OL-jakt

Begge vossingane er aktuelle for OL, men må då levera gode renn dei neste verdscuprundane. Men begge seier at dei ikkje tenkjer så mykje på OL, men heller på å køyra gode renn.

– No er det tre viktige renn igjen som eg er nøydd å gjera det bra i. Får eg til det, er sjansane for OL store, seier Lie Andersen.

Verdscup

Onsdag køyrer dei to vossingane verdscup i Deer Valley.

– Dette er ein bakke me er godt kjende med, og har hatt gode resultat tidlegare, så eg er optimistisk, seier Lie Andersen. I fjor var han topp ti i Deer Valley.

Og Vinjar Slåtten har vore på verdscuppallen nettopp i Deer Valley.

– Dette er ein bakke me ofte gjer det bra i, seier Slåtten.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.