annonse

NM-grossisten Anna tok nye gull

GULLJENTA
GULLJENTA: Anna Bryn Mørkeset med NM-gull. Ho har no vunne tre gull og ein bronse i junior-NM denne sesongen. (Foto: Lars Erik Mørkeset)
Anna Bryn Mørkeset

+ Anna Bryn Mørkeset­ køyrde inn til gull både i slalåm og storslalåm i junior-NM. Frå tidlegare i vinter har ho gull og bronse.

Ørjan Brattetveit

– Eg har eitt år igjen i junior 1-klassen, så det er kjekt å få det til så bra alt fyrste året, seier 16-åringen.

Fredag køyrde ho inn til gull i slalåm i junior-NM i Sauda.

Sundag vart det NM-tittel i storslalåm på Hovden.

Tidlegare i vinter vann ho gull på superkombinasjonen og tok bronse i super-G.

– NM-suksessen er skikkeleg godt for motivasjonen framover.

FIS-siger

Junior-NM var lagt inn i vanlege FIS-renn både i Sauda og på Hovden. På slalåmen i Sauda tok ho NM-gull og vart i FIS-rennet berre slått av to utøvarar frå Slovakia.

– Eg køyrde ein god 1. omgang, og leia. Men i 2. omgang var eg litt uheldig i starten, og tapte litt tid. Men eg kom sterkare mot slutten og vann NM-gullet akkurat. Eg hadde litt stong-inn der, fortel Bryn ­Mørkeset.

Men under storslalåmen på Hovden sundag var vossingen fullstendig overlegen i kampen om NM-gullet. Og ho køyrde også inn til sin fyrste FIS-siger, då også alle dei eldre utøvarane måtte sjå seg slått av Bryn ­Mørkeset.

– Eg køyrde to gode omgangar, og vann heile rennet. Og ned til nummer to i NM, var det om lag to sekund.

Imponert trenar

Trenar Asbjørn Skorpen er imponert over eleven ved toppidrettslina ved Voss gymnas.

– Tre gull og ein bronse i NM. Det er rett og slett veldig bra, seier Skorpen.

Alle prestasjonane er imponerande, men Skorpen er spesielt nøgd med storslalåmen på Hovden.

– Her tek ho også sin fyrste FIS-siger. Og ho leiar med god margin etter 1. omgang, og leverer ein endå betre 2. omgang. Ho utklassa konkurrentane i NM, seier Skorpen. Han ser stort potensial i Anna Bryn Mørkeset.

– Ho kan nå lagt. I år har ho teke eit stort steg framover. Og ho viser at ein kan verta god i alpint om ein blir verande på Voss og toppidrettslina på gymnaset, seier Asbjørn Skorpen.

Senior-NM neste

Anna Bryn Mørkeset trivst som alpinelev på Voss gymnas.

– Eg er veldig godt nøgd med opplegget der, og gymnaset har bidrege godt til framgangen, meiner 2001-modellen.

No ser ho fram til å delta i senior-NM.

– Eg har ikkje sett meg mål om kva plassering eg skal kjempa om enno. Men eg satsar på å kjempa i toppen.

Den gode sesongen gjer at ho har motivasjon til å jobba skikkeleg fram også mot neste sesong.

– Eg har lyst til å køyra europacup då, og så får me sjå kva det held til.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse