annonse

NM-gull for Lars Erik

VANN I TROMSØ
VANN I TROMSØ: Lars Erik Skjervheim er i form att, og dreg no til Italia. (Foto: Svein Steinert)

Lars Erik Skjervheim tok sin femte strake NM-tittel.

Ørjan Brattetveit

– Det er alltid kjekt å ta NM-gull, seier Lars Erik Skjervheim etter NM-sigeren i Troms med helga.

Vossingen fekk tidleg ei nokså god leiing, men gjekk feil og gjorde tittelkampen spennande.

– Planen min var å gå kontrollert, men hardt ut frå start og køyra fort på ski for å prøva og skaffa meg ei lita luke så tidleg som mogleg, seier han.

Motgang i år

På grunn av skredfare måtte arrangøren flytta rennet frå Skittentind til Ersfjorden på kort varsel.

– Det har vore utfordrande skredforhold her i Tromsø den seinare tida, men arrangementet gjekk bra. Og eg me gjekk i flott natur, seier vossingen.

Skjervheim vann framfor italienske Filippo Veccari, men i NM vart det sylv til Vegard Øie og bronse til Eirik Haugsnes.

Randoneemeisteren frå Voss satsa stor framfor denne sesongen, men sjukdom har gjort at store delar av sesongen vart spolert.

– Eg gjekk glipp av EM og det meste av verdscupen. No er forma fin, og eg reiser til Italia for å gå nokre store renn der, fortel Skjervheim, som satsar på ein flott slutt på sesongen.

Veks på Voss

Skjervheim går for Voss IL, som har ei randoneegruppe. No har også Viljar fått ei gruppe med randoneeløparar, og Skjervheim håpar på større miljø for sporten på Voss framover.

– Det er spennande at fleire vert med. At Hans-Inge Klette har byrja med randonee, er spennande. Han har stort potensial, seier Skjervheim. Klette var ikkje med i NM i Troms.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.