annonse

NM-gull til Hordaland

GULLTRIO
GULLTRIO: Erling Aalvik, Hilde Fenne og Martin Femsteinevik vann NM-gull på miksstafetten. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Hilde Fenne, Martin Femsteinevik og Erling Aalvik vann miksstafetten på Voss i dag.

Ørjan Brattetveit

– Utruleg kjekt å vinna NM-gull på heimebane, meiner trioen som sikra Hordaland gull i seniorklassen.

Hilde Fenne, Voss SSL, gjekk fyrste etappe, ho måtte ut på ein strafferunde, men gjekk som alltid godt i sporet.

Martin Femsteinevik, Hålandsdal IL, gjekk andre etappe og kunne gle seg over sitt andre NM-gull på Voss denne helga. Sistetappen hadde Erling Aalvik frå Kvam LSK og han kom i mål 42,5 sekund framfor sylvinnarane frå Oppland. Telemark og Vestfold tok bronsemedaljen.

I 17/18-klassen vann Buskerud 1 gull, medan Opland vann 17/21-klassen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.