annonse

NM i terrengløp i Vik

NM-SJEF
NM-SJEF: Nils Gunnar Finne. (Foto: Privat)

NM i terrengløp lang løype går av stabelen i Vik komande laurdag.

Ørjan Brattetveit

– Det er påmeldt nesten 150 utøvarar, seier leiar i hovudkomiteen for NM, Nils Gunnar Finne.

NM lang løype går ifrå 4 km klassane til 10 km, alt etter kva klasse ein spring i.

– Løypene er publikumsvenlege i området på og rundt idrettsplassen, seier Finne. Han har ikkje vêrmeldingane med seg, men seier arrangørane legg mykje arbeid i å leggja forholda til rettes for utøvarar og publikum. Det er m.a. sett opp eit stort serveringstelt.

Fleire vossingar

Tidlegare i år gjekk NM i terrengløp kort løype av stabelen i Strandebarm. Her tok Voss to medaljar i aldersbestemte klassar. Daniel Dukstad tok sylv i klasse gutar 15 år, medan Jakob Rongve Bryn tok bronse i klasse gutar 16 år. Fleire vossingar er påmelde til noregsmeisterskapen i Vik.

På arrangøren si nettside finn ein desse vossingane på deltakarlista: Thomas Fenne, menn senior, Kim Berland Laitinen, menn senior, Leif Bjørn Grindeldal, mv. 35–39, Tore Akerlie, menn junior, Eirik M. Finne, G16 og Daniel Dukstad G15.

Stor dugnad

Det er fyrste gongen Vik arrangerer NM i terrengløp. Tidlegare har idrettslaget skipa til sommar-NM i skiskyting to gonger.

– Det er stor dugnadsinnsats som ligg bak arrangementet. Til helga er me om lag hundre dugnadsfolk som jobbar med arrangementet, seier Nils Gunnar Finne, som er vossing busett i Vik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.