annonse

– No er nok OL-toget gått

USIKKER
USIKKER: Sjur Røthe her i rolla som sidekommentator i Tour de Ski. No er han usikker på om han går NM. Og OL-toget trur han har gått. (Foto: Skjermdump NRK)

Sjur Røthe avslutta Tour de Ski som sidekommentator på NRK. – Kroppen fungerer ikkje. No er nok OL-toget gått.

Ørjan Brattetveit

– Tysdag skal eg til spesialist, og eg håpar å få kontroll på kroppen, seier Sjur Røthe.

Laurdag måtte han bryta 15 km i Tour de Ski. Og då konkurrentane gjekk opp Monsterbakken sundag, var vossingen sidekommentator på TV.

– Det er skikkeleg kjipt. Men eg hadde ingen sjanse til å halda fram, seier Røthe.

Slit med smerter

Vossingen slit med revmatisk sjukdom, og har heile sesongen slite med smerter. Etter at han fekk diagnosen litt før jol, håpa Røthe å kunne kontrollera kroppen og koma sterkt tilbake under Tour de Ski.

– Eg hadde håp om å kvalifisera meg til OL gjennom gode resultat i Tour de Ski. Men no har nok OL-toget gått, seier 29-åringen til Hordaland.

Usikker på NM

Ski-NM går på Gåsbu frå torsdag til sundag denne veka.

– Planen er å gå NM, i alle fall laurdag og kanskje sundag. Men om eg kan halda meg til planen, veit eg ikkje før eg har vore hjå legen, seier vossingen.

Laurdag er det 30 km med skibyte og sundag er det stafett.

– Det høyrest kanskje rart ut, men eigentleg er forma mi fin. Får eg kontroll på sjukdomen, så skal eg klara å gå gode renn, seier Røthe.

Dersom han får klarsignal frå legen til å delta i NM, reiser han til meisterskapen saman med desse vossingane: Erling Fagerbakke Fosse, Vebjørn Turtveit, Hans-Inge Klette, Karoline Simpson-Larsen og Emma Skjoldli. Voss er påmeldt med stafettlag i herreklassen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.