annonse

No kan du kjøpa Sjur Røthe sin VM-dress til 450 kroner

TIL SALS
TIL SALS: VM-dressen til Sjur Røthe er til sals for ein rimeleg sum. (Foto: Finn.no)
TØFF VEKE
TØFF VEKE: Sjur Røthe har denne veka trena knalltøft. – Me har hatt vår tøffaste samling for sesongen, seier han. (Foto: Svein Halvor Moe)

VM-dressen som Røthe brukte i Finland ligg no ute på Finn.no.

Ørjan Brattetveit

– Eg må vedgå at dette er ein pr-jippo, seier Sjur Røthe og legg til:

– Det handlar ikkje om at eg har fått dårleg råd.

VM-dressen som han brukte i VM i Finland er no ut til sal for berre 450 kroner, og i løpet av neste veka skal vossingen gje dressen vidare til den nye eigaren.

– Eg er ikkje heilt oppdatert på korleis dette fungerer, men det er snakk om ei form for trekking og ikkje bodrunde, seier Røthe. Om dressen. fortel han:

– Eg har berre brukt han under VM.

Sjur Røthe vart nr. 4 på 30 km skiathon og nr. 6 på femmila i Lathi.

Bytehelg

Opplegget er eit samarbeid mellom Norges skiforbund og sponsor Sparebank 1.

Dei skal saman skipa til ei stor bytehelg av skiutstyr. Dette vil skje over store delar av landet, der lokale arrangørar melder seg på.

– Det skal ikkje kosta skjorta å driva med idrett. Det er det me ynskjer å vera med å bidra til. Det er mykje godt brukt utstyr som ein kan kjøpa rimeleg. Det er bra både for lommeboka og miljøet, seier Sjur Røthe.

Han skal truleg kvitta seg med meir utstyr til aksjonen, men ikkje på finn.no.

– Eg er litt usikker på alle detaljane. Men det er kjekt å vera med å bidra på denne måten, seier landslagsløparen frå Voss IL.

Tøff treningshelg

Sjur Røthe og resten av landslaget er nettopp ferdige med ei hard treningssamling i Oslo.

– Dette er nok den tøffaste samlinga me har i heile sesongen. Så no kjenner eg det godt, seier vossingen. I Oslo har utøvarane hatt fire skikkeleg harde økter på seks dagar.

– Det har vore knallharde økter. Me har halde på frå 37 til 65 minutt med knallkøyr. Så dette var tøft.

Hyttekjøp

No reiser Sjur Røthe snart frå Oslo til Sjusjøen for å få nøklane til ei ny hytte han har kjøpt der.

– Saman med ein kompis har eg kjøpt ei hytte på Sjusjøen. så det vert kjekt. Det er ein god og snøsikker plass å ha ei hytte på. Så det vert nok ein del turar dit framover.

Hyttekompisen er toppløpar Pål Golberg.

Uroa for Korea

Sjur Røthe sitt store mål for sesongen er sjølvsagt OL i Sør-Korea.

– Eg manglar OL-medalje, så det er sjølvsagt målet i år, seier Røthe.

Vossingen fylgjer spent med på nyhendene om den spente situasjonen på den koreanske halvøya.

– Eg les nyhende og held meg godt orientert, men eg brukar ikkje noko energi på dette. Eg håpar og trur OL skal gå av stabelen som normalt, seier Sjur Røthe.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.