annonse

– No må me sjå framover

AKTIV VINTER
AKTIV VINTER: Dagleg leiar i Voss ski- og tursenter, Gro Marit Istad Kristiansen, gler seg over at det sportslege igjen kjem i sentrum i skisenteret. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Flotte løyper, sesongopning og snart er det NM i skiskyting.

Ørjan Brattetveit

Voss ski- og tursenter står utan styre etter at leiar Lars Selheim nyleg trekte seg frå vervet, og tre medlemmer gjekk saman med han. Ein representant hadde trekt seg tidlegare, og berre ein styremedlem, Per Ove Himle, sit att. Neste veke vert truleg nytt styre valt for Voss ski- og tursenter.

– Det har vore ei vanskeleg tid med mange utfordringar, men no må me sjå framover og stå saman, seier dagleg leiar i Voss ski- og tursenter, Gro Marit Istad Kristiansen.

Preparerte løyper

Etter nokre dagar med manglande preparering, vert løypene igjen køyrde opp og held høg standard.

– Eg gler meg over kor fine løyper me har her no – og sjå: sola kjem fram!, seier VM-vinnaren frå fellesstarten i 2005.

Sundag går Vargarrennet av stabelen. Dette er den fyrste konkurransen i Voss ski- og tursenter så langt i vinter. Og det er klart for Vossakarusellen som startar onsdag, der alle eigarlaga er med og arrangerer skirenn vinteren gjennom.

– I karusellen kan alle vera med, og det er gratis – også parkeringa er gratis under karusellane, seier Gro Marit Istad Kristiansen. I løpet av vinteren skal det arrangerast seks karusellrenn.

NM og noregscup

8. til 11. mars er det noregscup med nokre NM-øvingar i skiskyting i Voss ski- og tursenter.

– Her må arrangørbygda Voss visa seg fram frå si beste side, seier Gro Marit Istad Kristiansen. Fredag 9. mars går NM på normaldistansen for seniorar og juniorar. Laurdagen er det noregscup sprint i alle klassar. Sundag 11. mars vert det delt ut NM-medaljar på mix-stafetten.

– Dette vert ein stor konkurranse, spesielt er klassane store mellom juniorane. Så her treng me mange gode dugnadsarbeidarar, seier Gro Marit Istad Kristiansen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.