annonse

Nok eit tap for Voss

TOPPSKÅRAR
TOPPSKÅRAR: Aleksandra Grzesik skåra åtte mål for Voss, men kunne ikkje hindra at dei tapte stort for Kjøkkelvik. Her frå ein tidlegare kamp mot Jotun. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Kjøkkelvik køyrde over Vossadamene då dei møttest til kamp i idrettshallen sundag.

Ingvild Siglen Berger

Sundag møtte Voss Kjøkkelvik frå Bergen i Voss idrettshall, og det skulle verta ein strevsam affære for handballdamene. Til pause låg dei under med 13-17, og ved kampslutt stod stillinga 24-33 til bortelaget. Aleksandra Grzesik kunne likevel skilta med heile åtte mål i kampen.

Nummer fire på tabellen

Også Ingeborg Almeland Tveit og Monica Bakketun gjorde ein grei kamp og fekk inn høvesvis fire og fem mål kvar, men det var ikkje nok til å vinna over bortelaget.

I tillegg vart nr. 9, Tale Mossige Loven, ramma av ein kneskade. Voss ligg no som nummer fire på tabellen, og neste kamp vert i Turbinen mot Dale den 12. februar.

Tap for Voss 2

Voss 2 var også i aksjon sundag, i 7. divisjon. Dei møtte Sandviken i Voss idrettshall. Til pause stod det likt mellom laga og 10-10. Det vart ein jamn kamp, der det diverre enda med tap for heimelaget. Sandviken tok sigeren med stillinga 22-23.

Onsdag 8. februar er det tid for ny heimekamp, då Voss 2 møter Nordre Holsnøy. Voss 2 er førebels nummer tre på tabellen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.