annonse

Ny topp ti-plassering til Røthe

GOD
GOD: Sjur Røthe vart nummer åtte under jaktstarten sundag. (Foto: Svein Halvor Moe/Arkiv)

Sjur Røthe beit seg fast mellom dei beste og tok ei ny, fin topp ti-plassering i Falun.

Ingvild Siglen Berger

Under verdscupfinalen i Falun sundag var det tid for 15 km jaktstart med fri teknikk for menn.

Sjur Røthe starta som nr. 14, +1.12 bak fyrstemann ut, russiske Alexandr Bolsjunov.

Det var ingenting å gjera med russaren, men Røthe var med i teten heile vegen og vart til slutt nummer åtte.

– Gledeleg at han i det heile tatt er tilbake i verdscupsirkuset. Nr. 4 vart plasseringa på femmila i Kollen, og no er han heilt oppe her. Røthe må ha gjort mykje bra trening då han var ute, han heng fint med, sa NRK-kommentatorane Jann Post og Torgeir Bjørn.

Bolsjunov gjekk inn til sin fyrste minitour-siger, føre kanadiske Alex Harvey som spurtslo sveitsiske Dario Cologna.

Også i går gjorde Røthe eit solid langrennsløp, då han vart nr. 10 på 15 kilometer klassisk med fellesstart.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.