annonse

Nytt gull til Sjur

GULL
GuLL: Sjur Røthe tok gull igjen i NM. No vann han femmila. (Foto: Terje Pedersen/NTB scanpix)

Sjur Røthe vann femmila, og tok sitt andre NM-gull på to dagar.

Ørjan Brattetveit

Sjur Røthe er i knallform. I går vann han sitt fyrste NM-gull, då han vann 10 km i Alta.

I dag vann han femmila, ti sekund framfor sylvvinnar Hans C. Holund. Vinnartida var 2.06.23,1. 

– Dette er stort

– Det var denne dagen eg hadde sett meg ut, då eg var på veg til NM. Og at eg står her som vinnar av femmila, er stort, seier Røthe.

29-åringen frå Voss IL opna sterkt og hadde ei klar leiing. Men Hans Christer Holund kom sterkt, og eitt minutt var blitt til 20 sekund vel fire mil ut i løypa.

– Eg vart tatt litt på senga av Holund, men det held inn. Eg hadde kramper og smerter i ryggen ei stund, seier ein sliten NM-vinnar. 

Røthe og Holund var i ein klasse for seg,

Turtveit på 8. plass

Vebjørn Turtveit gjekk inn til ein flott 8. plass, vel tre minutt etter vinnaren. 

Sjur Røthe har verkeleg imponert i NM. Og sesongavslutninga gjev landslagsløparen god motivasjon framover, etter ein sesong som for det meste har handla om motgang og sjukdom.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.