annonse

Nytt tap for Dale

TAPTE
TAPTE: Det vart tap då Dale møtte Baune med helga. Biletet er frå ein tidlegare kamp. (Foto: Jan-Egil Dyvik/Arkiv)

Fredag gjesta Baune Geitabakken, og kunne reisa heim att med alle tre poenga.

Jan-Egil Dyvik

Ved full tid stod det 1–4 til gjestene, etter at dei hadde skåra to mål før kvilen.

– Uansett tapet, så synte me framgang frå sist kamp, som me berre må gløyma snarast råd. Likevel, det var slurv frå vår side på alle baklengsmåla, seier trenar Sindre Larsen Bjordal.

Han vil gje ros til målmannen Jens Kallestad Solstad.

– Han spelte godt, men fekk diverre ikkje mykje hjelp frå medspelarane sine, seier trenaren.

Baune var elles eit heilt ok lag, meiner han, som Dale kunne og kanskje burde ha slått også.

– Men, me er framleis positive me, og ser fram til neste kamp, seier Larsen Bjordal.

Og nesten kamp skal Dale til Osterøy, og den kampen går fredag. 

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.