annonse

OL-genseren frå Dale er klar

GENSER
GENSER: Martin Johnsrud Sundby, Marit Bjørgen, Heidi Weng og Johannes Høstflot Klæbo i den nye OL-genseren. (Foto: Dale of Norway)

Olympic Passion er den nye offisielle OL-genseren, laga eksklusivt for den norske OL-troppen til vinter-OL 2018, i Pyeongchang, Sør-Korea.

Jan-Egil Dyvik

Dale of Norway (DoN) har designa over femti offisielle genserar for alle Olympiske vinterleikar og Verdsmeisterskap sidan 1956, melder DoN.

Sidan Vinter-OL 1956 i Cortina har DoN vore offisiell leverandør til Norges Skiforbund, og har produsert nye design kvart år. Dei har avtale med både Noreg sitt landslag i langrenn, alpint og til heile det Olympiske

laget.

Inspirert av 50-talet

DoN har også levert fleire offisielle genserar til den internasjonale Olympiske Komitéen.

OL-genseren er i supermjuk og lett merinoull og passar like godt til bruk inne som ute, heiter det.

Designen er inspirert av 1950-talet sine norske sportsgenserar, med ei stripe over brystet, som her er kombinert med dalande snø.

Presentert i Oslo

Det flagg-farga korset over hjartet symboliserer lidenskap for landet og dei Olympiske lekane, og flaggstripene vert tekne opp att i halsen.

Kolleksjonen vart presentert tysdag i denne veka i Oslo. Kjende utøvarar frå langrenn- og alpinlandslaget viste årets offisielle OL-genser og alpingenser.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.