annonse

Olaprisen til Mathias Hovland

FEKK PRIS
FEKK PRIS: Mathias Hovland (i raudt) speler for Fbk Voss. (Foto: Ørjan Brattetveit/Arkiv)

Mathias Hovland er tildelt Olaprisen.

Ørjan Brattetveit

– Dette var veldig kjekt. Olaprisen er ei flott pris å få, seier Mathias Hovland.

Olaprisen er kalla opp etter Ola Egge Ødegaard, som omkom i ei tragisk arbeidsulukke. Egge Ødegaard var ein ivrig fotballspelar med flott treningsvilje og god lagmoral. Prisen vart for fyrste gong delt ut i fjor. Då var det Emma Støyva som fekk prisen.

Prisen vart delt ut på sesongavslutninga til ungdomsavdelinga torsdag, og er eit bilete laga av Sveinung Iversen og eit stipend på 2000 kroner.

Hardtarbeidande

Mathias Hovland har, trass nedrykket, levert ein god sesong på A-laget i år. Og juryen seier dette om årets prisvinnar:

– Årets Ola-pris går til ein lovande og framoverstormande spelar i FBK Voss. Han debuterte alt som 16-åring på A-laget i 2015, og spela seg til meir eller mindre fast plass på laget som vart nummer 4 i 4. divisjon sesongen 2016. I årets sesong har han vore ein av berebjelkane på eit ungt lag. Som spelar er han utruleg hardtarbeidande, og ynskjer alltid å gjera sitt beste for laget. Han legg ned mykje tid i trening både på lag- og i skule-samanheng, men det er kanskje på eiga hand denne spelaren utmerker seg aller mest. Når andre tek sommarferie, finn han ting han ynskjer å bli betre på og nyttar heile sommaren på å utvikla desse ferdigheitene. Han er utviklingsorientert og målretta og har skjønt at ein må vera både nysgjerrig og tolmodig for å nå måla sine. I spelargruppa er han positiv, har godt humør og viser alltid stor omsut for lagkameratane sine. Trass si litt beskjedne framferd er han ikkje redd for å seia meiningane sine når det trengst. Han er eit ja-menneske som stiller opp, og han får ting gjort. På bana er han ein offensiv storskårar – i tillegg til å vera ein god tilretteleggjar. Han er ein spelar med eit enormt engasjement som verkeleg gjer alt for drakta og laget sitt.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.