annonse

Opprykk for Bidne

TABELLTOPP
TABELLTOPP: Kristoffer Bidne er klar for 1. divisjon. (Foto: Privat)

Kristoffer Bidne og Nest-Sotra er klare for 1. divisjon.

Ørjan Brattetveit

Nest-Sotra sikra seg sigeren i 2. divisjon avdeling 2, og rykkjer opp på betre målskilnad enn Notodden.

I siste serierunden vann strilane 3–1 borte over Hønefoss, medan Notodden vann 1–0 borte mot Byåsen. Nest-Sotra hadde klart beste målkontoen.

Frå Fyllingsdalen

– Herleg med opprykk! Det var mot alle odds, seier Kristoffer Bidne.

Vossingen, som melde overgang frå Fyllingsdalen tidlegare i sesongen, spela ikkje siste kampen på grunn av ein skade.

21-åringen står oppført med ti kampar i 2. divisjon denne sesongen.

Tøff overgang

Kristoffer Bidne starta sesongen i 3. divisjon. Neste år skal han møta storklubbar som Viking i 1. divisjon.

– No skal eg gjera alt for å få plass på laget når serien startar i 1. divisjon neste vår, seier Kristoffer Bidne.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.