annonse

Røthe på pallen i NM

NM
NM: Sjur Røthe gjekk godt på 15 km. ARKIV (Foto: VIDAR HERRE)

Sjur Røthe tok bronsemedalje på 15 km fri under Ski-NM i dag. Også Vebjørn Turtveit leverte godt.

Ørjan Brattetveit

Anders Gløersen vann NM-gull med tida 33.49,6. Vossingen Sjur Røthe gjekk i mål på tida 34.24,5 og spurtslo Daniel Stock. Dermed låg vossingen på 2. plass. Og han måtte venta på Hans Christer Holund, som viste seg å verta for sterk. Holund gjekk inn til sylv på 34.06.6.

- Eg er veldig godt nøgd. Har vore veldig usikker i det siste. Hadde tenkt rennet i dag som ei gjennomkøyring til laurdag, seier Sjur Røthe til NRK.

- Men det fungerte bra i dag. Det var utruleg kjekt å gå i dag og få med meg ein medalje.

No er Sjur Røthe langt framme i køen til VM-troppen.

Solid av Turtveit

Vebjørn Turtveit, Voss IL, gjekk eit svært godt renn i NM-løypa. Med tida 34.58,7 gjekk han inn til ein sterk 11.plass. Torjus Børsheim frå Ulvik og Einar Trefall frå Ekingedalen var også i aksjon på Røros i dag.

Fenne på 21.

På kvinnenes 10 km fri gjekk skiskyttarane Hilde Fenne og Jori Mørkve inn til 21. og 28. plass. Therese Johaug tok ein suveren siger med tida 24.28,9. Ho var 36,6 sekund framfor Marit Bjørgen på 2. plass. Heidi Weng tok bronse.

Hilde Fenne var 3.06,2 bak vinnaren. Og Mørkve var 3.48,2 bak Johaug. Hege Djukastein, vossing som går for Heming, kom i mål på 56.plass, over sju minutt bak vinnaren.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.