annonse

Send oss dine blinkskot frå Voss Cup 2019

JUBEL
JUBEL: Desse jentene jubla under Voss Cup 2018 då dei spelte fotballkamp mellom Bjørgum kvit og Voss lilla. Slike foto er kjekke å få inn til konkurransen. (Foto: Stine Strand Carlsen/Arkiv)
VOSS CUP
VOSS CUP: Hordaland ynskjer lesarane sine blinkskot frå fotballturneringa. Biletet er frå Voss Cup i 2017 då Voss Lilla spelte mot Drammen Strong. (Foto: Lisa Maria Sølvberg Breistein/Arkiv)

Til helga vert Voss Cup arrangert for 29. gong på Voss. Hordaland ynskjer å sjå dine beste blinkskot frå fotballcupen.

Marita Saue Hamre

Fotballturneringa Voss Cup samlar fleire tusen fotballglade til Voss helga 14. til 16. juni 2019.

Hordaland og Voss Cup ynskjer å sjå dine beste blinkskot frå helga.

Send oss bilete frå cupen, og bli med i trekninga av ein tur med gondolen og middag for to på restauranten.

Slik deltek du

  • Send bileta til avisahordaland på Snapchat.
  • På e-post til vosscup@avisa-hordalaland.no.
  • Eller bruk hashtag #avisahordaland, #vosscup og #vosscup2019 på Instagram.
  • Merk gjerne kontoen til Voss Cup: @vosscup.no på Instagram, òg.

Sjekk ut det stilige filteret vårt på Snapchat.

Biletserie på nett

I løpet av helga kan du sjå alle bileta i ein biletserie på www.avisa-hordaland.no, og på Voss Cup sine kanalar.

Konkurransen gjeld frå fredag 14. juni til sundag 16. juni.

Vinnaren vert kåra måndag 17. juni.

Lukke til, og ha ei flott fotballhelg!

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse