annonse

Siger og pers for Marcus

VANN
VANN: Marcus Thomsen sette ny pers i kule under Nordenkampen med helga. (Foto: Hasse Sjögren/Arkiv)

Marcus Thomsen sette ny pers under Nordenkampen.

Ørjan Brattetveit

Den utflytta vossingen Marcus Thomsen var mellom dei fire norske utøvarane som vann under Nordenkampen i Uppsala i Sverige med helga.

Det gjorde han med ny pers i kule på 19.67.

To centimeter betre enn tidlegare seniorrekorden hans.

– Eg er ikkje nøgd, det sat ikkje heilt teknisk. Eg får ikkje til dei tinga eg skal, det blir litt for «rushy» då eg ikkje er tolmodig nok. Det er same fokuspunkt på det tekniske eg har i år som eg hadde i fjor, men no er kula blitt tyngre, seier Marcus Thomsen til friidrett.no.

Thomsen vann med tre centimeter betre resultat enn finske Arttu Kangas på 2. plass.

Noreg enda på tredjeplass i Nordenkampen både i herre- og kvinneklassen.

Svenskane tok siger i begge klassane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.