annonse

Sindre klar for verdscup i Asia

ASIA NESTE
ASIA NESTE: Sindre Ure Søtvik har gått fleire gode renn i kontinentalcupen. No er han klar for verdscupen. (Foto: marigrafie.de - Marion Grumbd)

Sindre Ure Søtvik har fått klarsignal til verdscuprenn i Sør-Korea og Japan. I helga kjempa han om siger i kontinentalcupen i Estland.

Ørjan Brattetveit

- Eg har fått klarsignal om å delta i dei fire verdscuprenna i PyeongChang og Sapporo. Det gler eg meg skikkeleg til, seier Sindre Ure Søtvik. Høgst truleg er kombinertløparen frå Eldar også med i verdscupen i Oslo og Trondheim, der Noreg har nasjonal kvote.

«Herleg»

- Det vert herleg å få gå fleire verdscuprenn framover. No er det opp til meg sjølv. Eg håpar på å plukka godt med poeng, og få ny besteplassering i verdscupen, seier Ure Søtvik. Han har 23. plass som beste resultat i den gjævaste cupen.

Strendingen kom til estiske Otepaa som fersk vinnar av kontinentalcupen i finske Ruka. Men i Otepaa fekk vart det berre nesten på Ure Søtvik. Laurdag kjempa han lenge om siger, men enda på 6. plass i eit jamt renn.

- Det var veldig nære. Eg kunne ha vunne dette rennet, fortel Ure Søtvik, som kom i mål 17,1 sekund bak vinnaren Kristijan Ilves frå Estland. Han er verdscupløpar til vanleg, men valde kontinentalcup på heimebane denne helga.

- Eg var nummer to etter hoppinga. Eg gjekk ut 22 sekund etter heimefavoritten. Like bak meg gjekk tyske David Welde ut. Me to vart gåande i lag. Eg gjekk i ryggen på Welde, som er sterk i langrenn. Eg klarte å hengja på Welde til godt ut i tredje runde. Då var me seks-sju sekund bak Ilves. Då måtte eg sleppa. Og det kom sterke løparar bak, som tok meg igjen. Siste runden var me eit felt som gjekk saman, fortel Ure Søtvik.

Ilves spurtslo Welde og vann med mindre enn eitt sekund. Espen Bjørnstad sikra norsk 3. plass 12,1 sekund bak. Truls S. Johansen tok 4. plassen. Ure Søtvik kom i mål fem sekund frå pallplass.

- Det var eit godt renn av meg, men eg kunne gjort andre val undervegs.

Rot om friplass

Sundag vart det litt for dårleg i bakken og litt for tungt i løypa. Det resulterte i 17. plass.

- Eg bomma litt på hoppinga og gjekk ut på 6. plass. Eg hadde likevel gode sjansar, då det var mange gode langrennsløparar som gjekk ut om lag samstundes med meg. Men det vart ein tung dag, eg måtte sleppa tre gonger før eg til slutt sprakk. Og då var eg sjanselaus.

Han kom i mål 1.21,7 bak vinnaren Martin Fritz frå Austerrike.

I Otepaa, som var siste rennet i denne perioden, stod det om friplass til verdscupen. Periodevinnaren skaffa landet sitt ein ekstra plass i verdscupen neste periode, som startar i Seefeld til helga. Det stod mellom Sindre Ure Søtvik og Truls S. Johansen. Duellen vart vunnen av Johansen, men forbundet som hadde lova vinnaren plassen, valde i staden å ta ut ein annan utøvar til Seefeld. Johansen skal, som Ure Søtvik, gå renna i Asia.

- Eg hadde blitt skikkeleg skuffa om eg hadde vunne friplassen, og så ikkje fått reist til Seefeld. Eg meiner forbundet har gjort feil i dette uttaket, ikkje minst med tanke på rekrutteringa, kommenterer Sindre Ure Søtvik.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.