annonse

Sjå direktesending frå noregscupen for seniorar i langrenn

STILLER TIL START
STILLER TIL START: Karoline Simpson-Larsen er klar for noregscup for seniorar denne helga. Her frå då ho deltok i jr. VM i fjor. (Foto: Erik Borg/Arkiv)

I helga kan du sjå Statoil noregscup for seniorar i langrenn direkte frå Åsen i Nannestad.

Ingvild Siglen Berger

Det er påmeldt ca. 300 løparar til noregscupen, og det vert sending både fredag, laurdag og sundag.

Bortsett frå OL-troppen stiller stort sett resten av noregseliten til start, der mange av løparane har gått verdscup for Noreg i årets sesong.

Mellom dei lokale løparane som stiller til start i helga, er Karoline Simpson-Larsen (Vargar IL), Vebjørn Turtveit (Voss IL), Erling Fagerbakke Fosse (Voss IL) og Hans-Inge Klette (Viljar IL).

Jon Anders Gaustad er utegåande reporter under sendingane, medan Norges Skiforbund sin Asgeir Moberg er kommentator.

Sendestart er 10 minutt før fyrste start alle dagar.

Slik er programmet for helga:

Fredag 9. februar, sprint fri teknikk:

Kl. 12:00: Finalar kvinner og menn

Laurdag 10. februar, 20/30 km klassisk:

Kl. 10:00: Individuell start, 20 km kvinner

Kl. 12:00: Individuell start, 30 km menn

Sundag 11. februar, 10/15 km fri teknikk:

Kl. 10:00: Individuell start, 10 km kvinner

Kl. 12:00: Individuell start, 15 km menn

Du kan sjå sendingane direkte her.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.