annonse

– Sjur får fornya tillit

HAR TILLIT
HAR TILLIT: Landslagssjef Vidar Løfshus trur Sjur Røthe kan ha mange gode sesongar føre seg i internasjonal langrennssport sjølv om denne sesongen har vore tung. (Foto: Svein Halvor Moe)

– Me har på ingen måte avskrive Sjur Røthe. Han vil mest sannsynleg få tilbod om landslagsplass for neste sesong.

  • Svein Halvor Moe

Det seier landslagssjef Vidar Løfshus til Hordaland.

– Sjur har hatt ein tung sesong, men han gjekk sterkt i Holmenkollen og han skal gå verdscupen i Falun, seier Løfshus.

Den Ås-busette trønderen set dermed sluttstrek for diskusjonen om Røthe vil få fornya tillit på landslaget. Fleire av dei såkalla ekspertane har for lengst avskrive 1988-modellen på tampen av det som har vore ein skuffande sesong. Sjur lukkast korkje i verdscupen før jol eller Tour de Ski.

Internasjonal konkurranse

Det førte til at han var uaktuell då den norske OL-troppen vart tatt ut. Røthe har ikkje konkurrert internasjonalt etter nyttår. Til helga får han det.

Vidar Løfshus og landslagsleiinga vil nemleg ha med Sjur til verdscupavslutninga i Falun. Det stadfesta Løfshus før Falun-uttaket vart offentleggjort i går.

Ligg veldig godt an

– Sjur beviste i Holmenkollen på laurdag at han er på gang igjen etter ein trøblete sesong. Derfor fortener han å få denne sjansen. Me ynskjer å ha med oss dei som er i best form til Falun og dei som har sjansar for å få ei god samanlagtplassering. Røthe høyrer til fyrstnemnde kategori.

– Korleis ligg Sjur an i forhold til å få landslagsplass komande sesong?

– Vossaløparen ligg godt an til å få landslagsplass når han no har funne tilbake til sitt gamle eg. Potensialet hans er det ingen grunn til å tvila på. Heller ikkje kapasiteten. Sjur har over tid bevist at han er ein av våre beste, seier Løfshus.

Er ein meisterskapsløpar

Han har den flotte Sjur-innsatsen under verdsmeisterskapet i Val di Fiemme i 2013 friskt i minne. Der vart det både individuell og stafettmedalje på han. Røthe var også med og kjempa om medalje på VM-femmila i Holmenkollen i 2011. Seinare gjekk han til topps på den same distansen i nasjonalanlegget.

– Sjur har med unntak av i år vore i troppen i samband med dei siste meisterskapa. Han har jamt over levert veldig bra og har vore ein meisterskapsløpar. Det var spesielle omstende som førte til at han ikkje var i posisjon til å gå seg inn i OL-troppen i vinter, seier Løfshus til lokalavisa.

Den blide og fritalande landslagssjefen opplyser at den fråsegna er basert på Sjur Røthe sine helseproblem. Han har de to-tre siste åra hatt sin dose med sjukdom og helseproblem. Det toppa seg likevel i vinter. Vidar Løfshus er tydeleg på at ein frisk Sjur Røthe er kapabel til å slå kven som helst.

– Sterk prestasjon

– Det var gledeleg både for Sjur og oss at han var med heilt inn på Kollen-femmila i helga. Sett i lys av dei problema han har hatt, så var det svært sterkt. Det beviser samtidig at han framleis har noko ugjort i dette selskapet. Eg har tru på at den mest sjukdomsforfylgde på landslaget denne vinteren, kan vera med på å prega norsk og internasjonal langrennssport i mange år framover dersom han held seg frisk. Det er befriande at han no ser ut til å ha knekt koden i kjølvatnet av ein vanskeleg sesong, seier Løfshus til lokalavisa.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.