annonse

Sjur med vidare på landslaget

PÅ LAGET
PÅ LAGET: Sjur Røthe avslutta sesongen svært godt. Og var bankers på landslaget. (Foto: Ørjan Brattetveit)

Sjur Røthe vart som venta teke ut for landslaget for komande sesong.

Ørjan Brattetveit

Landslagssjef Vidar Løfshus stadfesta for nokre veker sidan overfor Hordaland at Sjur Røthe var med vidare i landslagsplanane.

Måndag presenterte landslagsleiinga laga for sesongen 2018/2019.

Sjur Røthe får med seg desse løparane på menn, allround: Martin Johnsrud Sundby, Hans Christer Holund, Simen Hegstad Krüger, Emil Iversen, Didrik Tønseth og Niklas Dyrhaug.

På sprintlandslaget er desse med: Johannes Høsflot Klæbo, Sondre Turvoll Fossli, Sindre Bjørnestad Skar, Eirik Brandsdal, Pål Golberg, Finn Hågen Krogh og Petter Northug.

Kvinnelandslaget ser slik ut framover: Astrid Uhrenholdt Jacobsen, Therese Johaug, Ragnhild Haga,Ingvild Flugstad Østberg, Heidi Weng, Kari Øyre Slind, Kathrine Harsem, Maiken Caspersen Falla, Tiril Udnes Weng og Mari Eide.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.