annonse

Sjur og gjengen bles bort

HAR HAMNA BAKPÅ
HAR HAMNA BAKPÅ: Sjur Røthe ligg på ein 40 plass samanlagt etter tre etappar. (Foto: Svein Halvor Moe/Arkiv)

Reklameskilta blåste over skistadion, og herresprinten måtte avlysast i Obersthof onsdag. Det har vore ein skuffande fyrste halvdel av Tour de Ski for Sjur Røthe.

Siri Flatlandsmo Ørjan Brattetveit

Fot tre år sidan sikra han seg 4. plass samanlagt i Tour de Ski.

I år er ikkje vossingen vore i nærleiken av toppen etter fire av sju fullførte etappar.

Hard sprint og klassisk-etappe

Før startskotet gjekk i Sveits trudde Røthe det skulle verta tøft å komma vidare frå prologen.

– Sprint har aldri vore min favorittdistanse, og her er det mange gode sprintarar med. Men målet er å koma vidare, sa vossingen då.

Det vart, som frykta, vanskeleg: Han greidde ikkje å kvalifisera seg til frå sprintprologen.

Men han tenkte at distansane 15 kilometer klassisk og 15 kilometer fri teknikk ville passa betre. Men det gjekk ikkje i dei etappane heller. Etter 15 kilometer klassisk hamna han på 46.plass.

– Eg må ha bomma fatalt på formoppkøyringa. Det kjennest ikkje heilt rått ut. Det er eg veldig skuffa over, sa Røthe til NRK etter løpet. Vossingen er inne på tanken om å gje seg i Tour de Ski.

Avanserte i jaktstarten

I jaktstarten avanserte han litt. Han gjekk seg opp til ein 40. plass samanlagt, omtrent tre og eit halvt minutt bak sveitsiske Dario Cologna.

Etter ein pausedag 2. januar var løparane fredag på plass for nyt sprintetappe, no i klassisk, i Obersthof, Tyskland. Dameklassen fekk gå, men då herrane skulle ut vart vinden for brutal. Reklameskilt og andre gjenstandar blåste over stadion. Truleg går den klassiske sprinten fredag, som eigentleg er fridag under Tour de Ski.

Dårleg rygg

Røthe fekk nyleg diagnosen bekhtrevs sjukdom, ein sjukdom som mellom anna rammar ryggen.

– Det varierer litt framleis. Eg er bra i dag, men eg har hatt nokre dårlege dagar nyleg. Eg har ikkje funne ut av mønsteret på når kroppen fungerer og når han ikkje fungerer, sa Sjur Røthe før fyrste etappe.

I tillegg til sprinten står det att éin etappe i Obersthof: fellesstart, fri teknikk. Så går turen vidare til Val di Fiemme i Italia for dei tre siste etappane.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.