annonse

Sjur og Vebjørn på medaljejakt i NM

TO RENN
TO RENN: Vebjørn Turtveit går lagsprint og 50 km under NM del to, 5. til 8. april. (Foto: Terje Pedersen/NTB Scanpix)
GÅR ALT
GÅR ALT: Sjur Røthe går lagsprint, 10 km og femmila i Alta. (Foto: Berit Roald/NTB Scanpix)

Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit vil kjempa om medalje på lagsprinten i NM.

Ørjan Brattetveit

– Å gå lagsprinten saman med Vebjørn vert skikkeleg spennande. Det hadde vore kjempekjekt om me skulle klara å kjempa i toppen, seier Sjur Røthe.

– Eg har sett deltakarlista, og trur me skal kunna slåst om medalje – om me begge har dagen og me treffer med skivalet. Men det er mange sterke lag med i medaljekampen, så eg trur me skal vera veldig godt nøgde om me kjem topp fem, meiner Vebjørn Turtveit.

Det er andre gongen Røthe og Turtveit går lagsprinten i NM saman. I Harstad i 2015 tok vossingane 5. plassen, og var tidsmessig med i medaljekampen.

Viktig å stilla

Sjur Røthe meiner det er viktig for langrennssporten i heimbygda at Voss IL stiller stafettlag så ofte som mogleg.

– Eg trur det er viktig for dei unge løparane at dei ser at dei kan kjempa om ein plass på stafettlag i NM, seier landslagsløparen.

Lagsprinten er tøff med fleire heat før ein kjem til finalen. Utøvarane går tre etappar kvar på om lag 1,5 km per heat.

– Me er begge distanseløparar, og me håpar å dra fordel av dette mot slutten av konkurransen. Då er målet å slita ut spesialsprintarane, seier Turtveit.

Tre distansar

Sjur Røthe gler seg stort til NM. Landslagsløparen kom tilbake etter langt fråvær til verdscupen i Holmenkollen. No satsar vossingen på å gå alle tre NM-distansane i Alta. Det startar med lagsprint i fri teknikk torsdag, så er det 10 km (5 km for kvinner) klassisk fredag, og laurdag er det femmil (tremil for kvinner) i fri teknikk.

– Ideelt sett skulle eg kanskje stått over fredagens klassiske 10 km, og fått overskot til femmila. Men eg har gått litt for få konkurransar i år, og har veldig lyst til å gå mest mogleg no. På tampen av sesongen er det viktig å gjera det ein har lyst til, seier 29-åringen.

Alle mann alle

Alle landslagsløparane kjem til NM del 2 i Alta. Og kampen om medaljane vert tøff. Men Røthe satsar på å vera med i medaljekampen alle dagane.

– Eg kjenner meg i bra form. Og eg har god kontroll på helsa, sjølv om eg framleis ikkje er hundre prosent og det går opp og ned, seier Sjur Røthe, som slit med revmatisk sjukdom.

Vebjørn Turtveit står over fredagens 10 km.

– Eg treng overskot til å gå den tøffe femmila laurdag. Og så har eg trent spesielt på skøyting den seinare tida. Dette vert faktisk fyrste gongen eg går ei femmil i fri teknikk. Eg har tidlegare gått tre femmiler i klassisk.

God påske

Både Sjur Røthe og Vebjørn Turtveit har nytta påsken godt. Sjur vann Hemsedalsrennet og vart spurtslått av Martin Johnsrud Sundby då det vart 2. plass i Sjusjøen Fri.

Turtveit gjekk eitt renn i Røldal og slo Gaute Kvåle i kampen om sigeren.

I tillegg til Røthe og Turtveit, er det mange spennande vossanamn på startstreken i Alta. I kvinneklassen er det Karoline Simpson-Larsen, Vargar, Eivor Vestrheim Skjerven, Bulken, Emma Skjoldli, Bulken og Mari F. Aas, Voss. I herreklassen går også Erling F. Fosse, Voss IL, Kristian Skjeldal, Bulken, og Fredrik G. Røthe, Voss.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.