annonse

Sjur på 18. plass

I FELTET
I feltet: Sjur Røthe kom på 18.-plass i Tyskland i dag. (Foto: Arne Brunes/Arkiv)

Sjur Røthe var 7,7 sekund bak vinnaren på dagens etappe på Tour de Ski.

Ørjan Brattetveit

Emil Iversen vann 15 km fri fellesstart i Oberstdorf i dag. Vinnaren kom i mål på tida 29.49,8 og spurtslo Sindre Bjørnestad Skar, som sikra norsk dobbeltsiger. Medan Italia tok 3. plassen ved De Fabiani.

Sjur Røthe kom inn 7,7 sekund bak vinnaren og enda på 18. plass på fellesstarten.

– Kjekt med norsk dobbeltsiger, og eit kjekt skirenn. Men vel mykje action under vegs, seier Sjur Røthe til NRK like etter rennet.

Det var mange fall og stavbrot undervegs på fellesstarten.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.