annonse

Sjur Røthe håpar på ein siste OL-sjanse

NM-SUKSESS
NM-SUKSESS: Sjur Røthe er avhengig av NM-suksess for å koma til OL. Laurdag går han, om helsa tillèt det, 30 km med skibyte. På biletet går han inn til bronse på same distanse på Voss. (Foto: Daniel Melve Kvarme/Arkiv)
Ski-NM

Siste sjanse for Sjur Røthe til å koma til OL, er 30 km med skibyte laurdag. Men vossingen er usikker på om han går NM.

Ørjan Brattetveit

– Eg bestemmer meg fredag for om eg skal gå i NM laurdag. Eg håpar sjølvsagt at eg skal vera i slag til å kjempa i toppen i NM. Så lenge det er håp, gjev eg ikkje opp OL-draumen, seier Sjur Røthe til Hordaland.

Ski-NM startar på Gåsbu i dag. Planen er at Røthe skal gå laurdag og kanskje sundag.

– Akkurat no ser det ikkje så bra ut med tanke på at eg går laurdag. I dag hadde eg ikkje kunne gått. Men eg håpar det er Tour de Ski som sit i, og at eg vert betre i kroppen til fredag, sa Røthe onsdag.

«Legen sa mykje»

Tysdag denne veka var vossingen på legekontroll etter at han kom heim frå Tour de Ski, der han laurdag braut på 15 km.

– Legen sa mykje. Men det får bli mellom legen og meg, seier Røthe.

29-åringen fekk tidlegare i sesongen diagnosen Bekhterevs sjukdom.

Smerter har gjort at han har slite tungt i heile vinter.

– Eg har tru på at eg skal få kontroll på sjukdomen. Noko anna tenkjer eg ikkje på – då ville eg ha tapt på forskot.

Favorittdistansen

Dersom kroppen fungerer, har Røthe tru på at han skal kjempa heilt i toppen under 30 km med skibyte.

– Det høyrest kanskje litt rart ut, men eg er i god form – om kroppen berre fungerer.

Vossingen har 2 sylv og 4 bronse frå NM, sidan han slo igjennom med 3. plass på 15 km på Stokke i 2010. På 30 km med skibyte har han bronse frå Voss, i tillegg til sylvmedalje i 2016. I VM har han teke bronsemedalje nettopp i denne øvinga.

Stafettlag

Sundag er det stafett. Og Sjur Røthe håpar å vera med å bidra for Voss IL.

– Me leverte ein solid stafett i fjor, så det hadde vore moro å få til ein god stafett også i år. Og eg håpar Voss IL stiller lag, sjølv om eg eventuelt ikkje kan vera med, seier Røthe.

På NM-stafetten er det tre etappar. Frå Voss IL er også Erling Fagerbakke Fosse og Vebjørn Turtveit påmelde.

Viljar stiller med Hans-Inge Klette.

Emma Skjoldli, Bulken og Karoline Simpson-Larsen, Vargar er dei to lokale håpa på kvinnesida.

Turtveit topp ti

Vebjørn Turtveit brukte skandinavisk cup sist helg til å lada opp til NM.

– Eg bomma litt på skivalet på sprinten der, så det vart ein kort affære. Men eg er nøgd med skøytinga, der eg vart nummer 18, 1 min og 15 sek bak vinnaren.

Planen var å bruka renna i Piteå som gjennomkøyring før NM, så får me håpa det fungerer bra, seier Vebjørn Turtveit. Han går 15 km fredag, 30 km med skibyte laurdag og er klar for å gå stafett om Voss har nok friske løparar.

Turtveit håpar på å kjempa seg inn til ein plass nokså langt oppe på resultatlista.

– Eg har mål om å betra 10. plassen som eg fekk under NM på Røros.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.