annonse

Sjur Røthe stod over på Beitostølen

STOD OVER
STOD OVER: Sjur Røthe stod over Beitostølen i dag. Her frå 50 km under NM på Beitostølen i vinter. (Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix)

Sjur Røthe stod over sesongopninga på Beitostølen fredag. Vebjørn Turtveit vart beste lokale.

Ørjan Brattetveit

Sjur Røthe stod, om han sa til Hordaland torsdag, over sesongopninga på Beitostølen, der 15 km klassisk stod på programmet.

Martin Johnsrud Sundby hadde ingen problem med å ta sigeren fredag. Han vann på tida 38.57,2 og var vel 18 sekund framfor Johannes H. Klæbo på 2. plass. Hans Christer Holund tok 3. plassen.

Vebjørn Turtveit gjekk inn til 25. plass med tida 41.13,6.

– Eg er godt nøgd. Eg trur ikkje eg har gått så bra på opningsrennet i klassisk tidlegare, seier Vebjørn Turtveit til Hordaland

Erling Fagerbakke Fosse tok 85. plass og Hans-Inge Klette tok 92. plass i løpet der over 160 deltok.

I dameklassen var Marit Bjørgen suveren på 10 km klassisk. Ho vann sin 20. siger på Beitostølen, og var 29,4 sekund framfor Heidi Weng på 2. plass. Ingvild Flugstad Østberg vart nummer tre.

Vargarløpar Karoline Simpson-Larsen gjekk inn til 35. plass, over fire minutt bak Bjørgen.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.