annonse

Sjur Røthe teken ut til Davos

VOND RYGG
VOND RYGG: Sjur Røthe slit med ryggen, men er no teken ut til å gå verdscup i Davos med helga. Biletet er eit arkivbilete. (Foto: Terje Bendiksby/NTB Scanpix)

Sjur Røthe er teken ut til helgas verdscuprunde i Davos.

Ingvild Siglen Berger

Det melder Bergens Tidende onsdag føremiddag. Avisa skriv at Røthe vart gløymd av Skiforbundet i samband med uttaket.

– Eg er ikkje så høg, så det er kanskje ikkje så rart at dei oversåg meg, seier Røthe til BT.

Han skal etter planen gå sundagens 15 kilometer fristil, og oppheld seg no i den sveitsiske fjellbyen.

Røthe har ei stund slite med ryggsmerter, og med helga måtte han bryta på Lillehammer då han gjekk 30 km med skibyte i verdscupen.

– Dette er surt. Eg skulle gjerne hatt nokre gode resultat no, slik at eg sikra meg OL-plassen, sa Røthe til Hordaland etter løpet.

Sundagens 15 kilometer i Davos er ein av OL-øvingane, som Røthe normalt er ein av kandidatane til å gå for Noreg.

Klikk for å se kommentarer ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på avisa-hordaland.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.